Semesters
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Konfliktar i samfunnet
Ingen
Samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium der teori og praksis verkar saman. Studiet kvalifiserer mellom anna til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning i samfunnsfaget, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5. – 10. trinn er grunnlaget for studiet.
Samfunnsfag i grunnskulen er samansett av geografi, historie, samfunnskunnskap og utforskaren. Alle tre faga er med og dannar innhaldet i alle emna i samfunnsfag, medan utforskaren er tema i emne SAM1A Natur og samfunn i Noreg og SAM2B Regionstudium. Undervisningstema i Samfunnsfag 1B i geografi er klima, levekår, nord-sør problematikk og urbanisering. Forståinga av det romlege perspektivet, og evne til å sjå samanhengar mellom det lokale og det globale, natur og samfunn, står sentralt. I historie får tema om konfliktar og samfunnsendring frå opplysingstida fram til i dag særskild fokus, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. Emnet skal fremje oversikt over perioden frå 1800 til 1945, korleis vi arbeider med historiske kjelder, formar forteljingar om fortida og brukar historie i notida. Samfunnskunnskap handlar særleg om vilkår for demokrati, medborgarskap og det å høyre til. I samfunnskunnskap er menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt, særskilde undervisningstema.
I fagdidaktikk er lokalsamfunnet som læringsarena utgangspunkt for arbeidskravet i geografi. Denne tematikken møter studentane igjen i masteremnet SAM3C Lokalsamfunnet i samfunnsfaget. Vidare får studentane erfaringar med bruk at digital forteljing i samband med arbeidskravet i historie, og i arbeidskravet i samfunnskunnskap skal dei reflektere over menneskerettane sin plass i skulen.
Arbeidskrava i emnet gir dermed ferdigheiter både i akademisk skriving og bruk av digitale verktøy. Studentane deltek også som opponentar for tredjeårsstudentar som legg fram arbeidet med si FOU-oppgåve. Gjennom førebuing og gjennomføring av dette blir dei betre kjende med ulike forskingsmetodar (t.d. observasjon, intervju og dokumentanalyse).
Kunnskapar og ferdigheiter er resultat av teoretisk studiearbeid saman med refleksjon over eigen praksis. Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum over relevante problemstillingar. Samfunnsfagstudiet legg til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet kvalifiserer også til å vidareutvikle samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning for demokrati i eit globalt samfunn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag, og samfunnsfag som skulefag
- har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling
- har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
- har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
- har kunnskap om ideologiar, konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmar gode og inkluderande læringsmiljø
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
- kan søke, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over ulike dimensjonar ved menneskrettsomgrepet og legge til rette for undervisning om menneskerettar i skulen
- kan bruke faglege kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan
- kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
Studenten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- kan dokumentere overblikk over periodar og utviklingsmønster og gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis og skriftlege arbeid. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er sentralt i emnet, og studentane får erfaringar med bruk av digital forteljing i læringsarbeidet i historie. Lærarrolla er i fokus i praksis dette studieåret, og undervisninga i samfunnsfag vektlegg dette
Frammøtekrav:
- obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.
Arbeidskrav:
- skrive to oppgåver kvar på 900-1 200 ord (ei i geografi og ei i samfunnskunnskap)
- lage ei digital forteljing i historie. Den digitale forteljinga skal vere på 2 – 3 minutt, i tillegg skal studenten skrive eit refleksjonsnotat på 500 – 800 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ingen | ||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | eller b. Munnleg eksamen. Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert. |
a. Skriftleg eksamen