Semesters
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Ingen
Dette emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstema i emnet vert knytt til omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie er historisk kunnskap om demografi, folketalsutvikling og samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet sentralt, og i samfunnskunnskap vil tema kring berekraft, forbruk og internasjonal klimapolitikk bli vektlagde.
Metodisk tema i emnet er særskilt arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
sentrale didaktiske tema knytte til berekraftig utvikling
samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet
ressursar, klima, demografi og folketalsutvikling i fortid og notid
internasjonal klimapolitikk
didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag.
Studenten skal kunne
bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid
bruke ei analytisk tilnærming til korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov, og fordeler ressursar
arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft.
utvikle undervisningsresursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen
bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema
Studenten skal kunne
reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis i
eit berekraftperspektiv
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen blir dette gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum.
Frammøtekrav:
- obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.
Arbeidskrav:
Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere levert til rettleiing og godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
lage eit digitalt forteljekart. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
lage ei digital forteljing Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
lage ein undervisningsvideo. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel to av tre ferdig utarbeidde arbeidskrav og lever desse i eksamenesmappa saman med ein presentasjonstekst på 800- 1000 ord |