Semesters

MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft

Course code: 
MGL5-10SA1B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Teaching semester: 
2020 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og bærekraft
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Dette emnet tek for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Emnet gir oversikt over ulike geografiske, historiske og no-tidige forhold som legg føringar for korleis menneske dekkjer sine behov, og fordeler makt og resursar. Metodiske tema i emnet er særskilt arbeid med statistikk og arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil kritisk omgrepsbruk og bruk av digitale verktøy ha eit spesielt fokus.

Undervisningstema i emnet er knytt opp mot omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, resursar, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie vil du få kunnskap om demografi og folketalsutvikling og sosial, politisk og økonomisk utvikling frå mellomalderen og fram til ca.1870. I samfunnskunnskap vil tema kring berekraft og forbruk, forbruk og individualisme, internasjonal økonomi og internasjonal klimapolitikk bli vektlagt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker sine behov, og fordeler makt og ressursar
  • kunnskap om ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid
  • kunnskap om og oversikt over sentrale didaktiske tema knytt til berekraftig utvikling
  • kunnskap om resursar, klima, demografi og folketalsutvikling i fortid og notid
  • kunnskap om forbruk og individualisme, internasjonal økonomi og internasjonal klimapolitikk

 

 

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag knytt til samfunnsutvikling og berekraft.
  • vurdere bakgrunnen for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individ-, nasjonalt- og globalt nivåkan bruke og vurdere relevansen av digitale hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • arbeide med statistikk og digitale kjelder
  • bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit historisk perspektiv
  • dokumentere overblikk over periodar og utviklingsmønster og gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Working and learning activities

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis og skriftlege arbeid. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet, og studentane får erfaringar med bruk av digital forteljing og produksjon av undervisningsfilm i læringsarbeidet.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle:

  • skrive ei oppgåve på 900-1 200 ord i geografi
  • lage ei digital forteljing i historie. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
  • lage undervisningsvideo i samfunnskunnskap. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen
Alle hjelpemiddel tillatt
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
eller b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19