Semesters

PPUD-PRA1 Praksisplan PPU deltid 1. periode

Course code: 
PPUD-PRA1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Praksisplanen byggjer på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning av 21. desember 2015 og Forskrift om rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18.mars 2013. Praksisplanen skal saman med emneplanar vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta, og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag, og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Omfanget av praksis er sett til 60 dagar. Den første praksisperioden på 30 dagar vert gjennomført første studieåret, der 5 av desse dagane er observasjonspraksis i haustsemesteret, og 25 dagar er undervisningspraksis i vårsemesteret. Innhaldet i praksis skal knytast tett opp til tematikken i pedagogikk og didaktikk på måtar som gjer at studenten utviklar profesjonskunnskapen sin både gjennom teoretisk refleksjon og gjennom arbeid med eigne faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar og ferdigheiter.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

 

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer 

har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid

har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter  

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring aleine og saman med andre 

kan variere og grunngje eit utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven

kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom formativ og summativ vurdering  

Learning outcome qualification

Kandidaten:

kan reflektere over fag, undervising og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv

kan byggje gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaer

kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar

Working and learning activities

Det vert utarbeidd studie- og praksisrute for kvart studieår. Praksis i første studieår har eit omfang på 30 dagar fordelt med 5 dagar observasjonspraksis i haustsemesteret, og 25 dagar rettleia undervisningspraksis enten i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule i vårsemesteret.

Studentar på PPU allmennfag skal i løpet av studietida ha rettleia praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram i løpet av praksisperiodane. Studentar på PPU allmennfag som har hatt praksis på ungdomssteget i første periode skal ha praksis i vidaregåande skule i andre praksisperiode, og omvendt.

Rammeplanen fastset at studentar med yrkesfagleg utdanning/bakgrunn samla skal ha 10 praksisdagar i ungdomsskulen.  5 av desse dagane vert gjennomført første studieåret, i og med at observasjonspraksis er lagt til ungdomsskulen. Dei 5 siste praksisdagane vert gjennomført i løpet av andre studieåret og skal vere rettleia og utøvande praksis der studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning av eit omfang på minimum 12 timar. Studentar på PPU yrkesfag skal ha to periodar praksis, kvar på 25 dagar, på to ulike vidaregåande skular.

Praksislærar si hovudoppgåve er å leggje til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten si utvikling av profesjonskompetanse.

Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument, til dømes logg eller arbeidsplan, vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.

Etter avslutta praksis skal praksislærar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av sluttvurderinga og legge den fram for praksislærar i praksismøte før andre praksisperiode.

 

 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
  • Vocational Teacher Qualification (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Approval signature: 
Anne Øie