Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
PPUD-PRA1 Praksis 1
Ingen.
Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving.Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i praksis er, saman med dei første emna i pedagogikk og didaktikk organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6.
Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Første studieår er praksis 30 dagar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
har kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa
har kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning
har kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid
har kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag
har kunnskap om observasjon som metode for systematisk utvikling av eigen praksis
Kandidaten:
kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom ulike former for vurdering
kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer
Kandidaten:
kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse og ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa
kan ta imot og reflektere over rettleiing og bidra til samarbeid om fagleg og pedagogisk arbeid i skulen
Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår på ungdomstrinnet og praksisperioden i vårsemesteret i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.
Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning.Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis
Etter avslutta praksis skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode.
Studentar med tilsetjing som lærar kan etter avtale få godkjent inntil 50% av praksis på eigen skule. Normalt vil denne praksisen verte gjennomført i første studieår.
Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8 |