Semesters

PPUD-PRA1 Praksis 1

Course code: 
PPUD-PRA1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Praksis 1
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Praksis 1
Assessment semester: 
2021 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving.Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i praksis er, saman med dei første emna i pedagogikk og didaktikk organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6.

Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Første studieår er praksis 30 dagar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

har kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa

har kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning

har kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid

har kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag

har kunnskap om observasjon som metode for systematisk utvikling av eigen praksis

Learning outcome skills

Kandidaten:

kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument

kan utvikle mål for opplæringa og vurdere i kva grad elevane har nådd læringsmåla gjennom ulike former for vurdering

kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer

 

Learning outcome qualification

Kandidaten:

kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv

har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse og ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa

kan ta imot og reflektere over rettleiing og bidra til samarbeid om fagleg og pedagogisk arbeid i skulen

 

Working and learning activities

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår på ungdomstrinnet og praksisperioden i vårsemesteret i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum. 

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning.Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis

Etter avslutta praksis skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode.

Studentar med tilsetjing som lærar kan etter avtale få godkjent inntil 50% av praksis på eigen skule. Normalt vil denne praksisen verte gjennomført i første studieår.

Assessment requirements

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Torstein Drabløs
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Approval signature: 
Arne Myklebust