Semesters

SRS103N Skuleretta samfunnsfag: Politikk og demokrati, kontinuitet og vendepunkt (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS103N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Skuleretta samfunnsfag: Politikk og demokrati, kontinuitet og vendepunkt (nettbasert m/avgift)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Demokrati og samfunnsfag i skolen
Assessment semester: 
2017 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

SRS103N omfattar om lag like deler geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som kartlære, lokalisering av næringsverksemd, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, oppvekst, skule og media, norsk etterkrigstid. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 2 N og i årseininga Skuleretta samfunnsfag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten
 • har kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
 • har kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
 • har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
 • har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk
 • kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
 • har kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
 • har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
 • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
 • har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Learning outcome skills

 Studenten
 • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
 • kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
 • kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
 • kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
 • kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
 • kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
 • kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
 • kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Learning outcome qualification

 Studenten
 • kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
 • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
 • kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
 • kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
 • kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn

Working and learning activities

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. som forum for studiehjelp m.a. med studieleksjonar, rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Assessment requirements

For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ei fagleg tekst på 900 - 1.200 ord innanfor eit tema som vert fastsett av faglærarane.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen.
Alle
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 113
2
Approval signature: 
Odd Ragnar hunnes 25.02.17