Semesters

SRS103N Demokrati og samfunnsfag i skulen

Course code: 
SRS103N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Course content

Dette emnet tilbyr ei fordjuping i samfunnsfagleg teori og metode, fagdidaktisk teori og forsking, og sentrale problemstillingar som gjeld skulen si rolle i samfunnet, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar. Djupnelæring er sentralt i emnet, og det blir lagt særleg vekt på at studentane skal vidareutvikle si forståing av korleis teoretisk kunnskap kan brukast i praktiske undervisningssituasjonar. Emnet vil også bidra til å øve opp studentane si evne til å sjå samanhengar mellom ulike tema og problemstillingar. Emnet stimulerer også til å utvikle studentane sin didaktiske kreativitet og kritiske kompetanse gjennom arbeid med ulike kjelder, både digitale og fysiske.   

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har djupnekunnskap om 

·       Utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 

·       Utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen 

·       Verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet 

·       Sentrale føresetnader og problemstillingar som gjeld statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar 

Learning outcome skills

Kandidaten kan 

·       Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis 

·       Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 

·       Arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane 

·       Legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen 

·       Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i emnet  

Learning outcome qualification

Kandidaten kan 

·       Legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål 

·       Stimulere til kritisk tenking og kreativitet hos elevane 

·       Bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen 

 

 

Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Assessment requirements

For å framstille seg til eksamen må kandidaten bestå to arbeidskrav, som vil bli nærare definert ved semesterstart. Arbeidskrava vil fremme ferdigheiter i akademisk skriving og forståing av samanhengar mellom teori og praksis i læraryrket.  

Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Margit Ystanes
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Mappeeksamen skal innehalde to tekstar som skal være sett saman til eit dokument. Begge tekstene er knytt til arbeidskrav som studentane har gjort undervegs i studiet. I tillegg skal mappeeksamen innehalde refleksjonar om korleis kandidaten si forståing har utvikla gjennom studiet opp mot emnets læringsutbyttebeskriveles.
5000 ord ± 10 % (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Approval signature: 
Randi Bergem 12.04.2021