Semesters
SRS103N Demokrati og samfunnsfag i skulen
Dette emnet tilbyr ei fordjuping i samfunnsfagleg teori og metode, fagdidaktisk teori og forsking, og sentrale problemstillingar som gjeld skulen si rolle i samfunnet, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar. Djupnelæring er sentralt i emnet og det blir lagt særleg vekt på at studentane skal vidareutvikle si forståing av korleis teoretisk kunnskap kan brukast i praktiske undervisningssituasjonar. Emnet vil og bidra til å øve opp studentane si evne til å sjå samanhengar mellom forskjellige tematikkar og problemstillingar. Emnet stimulerer også til å utvikle studentane sin didaktiske kreativitet og kritiske kompetanse gjennom arbeid med ulike kjelder, både digitale og fysiske.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har djupnekunnskap om
· Utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
· Utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
· Verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
· Sentrale føresetnader og problemstillingar som gjeld statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
Kandidaten kan
· Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
· Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
· Arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
· Legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
· Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i emnet
Kandidaten kan
· Legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål
· Stimulere til kritisk tenking og kreativitet hos elevane
· Bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
For å framstille seg til eksamen må kandidaten bestå eit arbeidskrav, som vil bli nærare definert ved semesterstart. Arbeidskravet vil fremme ferdigheiter i akademisk skriving og forståing av samanhengar mellom teori og praksis i læraryrket.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 2
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle |