Semesters
SRS103N Skuleretta samfunnsfag: Politikk og demokrati, kontinuitet og vendepunkt (nettbasert m/avgift)
Ingen
SRS103N omfattar om lag like deler geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som kartlære, lokalisering av næringsverksemd, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, oppvekst, skule og media, norsk etterkrigstid. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 2 N og i årseininga Skuleretta samfunnsfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
• kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
• kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
• kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
• kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk
• kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
• kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
• kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
• kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Studenten skal kunne
• bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
• arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
• planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
• kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
• leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
• reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
• bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
• gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
• ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
Studenten skal kunne
• oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
• arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
• reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
• forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
• kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Canvas vert brukt aktivt m.a. som forum for studiehjelp m.a. med studieleksjonar, rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ei fagleg tekst på 900 - 1.200 ord innanfor eit tema som vert fastsett av faglærarane.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 2
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Alle |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
HI 113 | 2 |