Semesters

SRS103N Skuleretta samfunnsfag: Politikk og demokrati, kontinuitet og vendepunkt (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS103N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Required prerequisite knowledge

Fullført lærarutdanning

Course content

SRS103N omfattar om lag like deler geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som kartlære, lokalisering av næringsverksemd, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, oppvekst, skule og media, norsk etterkrigstid. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å vidareutvikle seg til ein dyktig lærar i samfunnsfag. Emnet inngår i studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 2 N.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

 • kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
 • kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
 • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
 • kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk
 • kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
 • kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
 • kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

 • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
 • arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
 • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
 • kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
 • leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
 • reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
 • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
 • ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv 
  • finne fram til og ta i bruk oppdatert faglitteratur
  • kombinere genrell didaktikk og fagdidaktikk 

 

 

 

Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Assessment requirements

For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ei fagleg tekst på 900 - 1 200 ord innanfor eit tema som vert fastsett av faglærarane.

Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 2
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 113
2
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18