Nynorsk skriftkultur
Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer mellom anna for undervisning i skuleverket, for arbeid i forlag, media, fagstillingar ved museum, offentleg og privat kultursektor, kulturadministrasjon og kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har inngåande kunnskap om :
- historia og situasjonen til den nynorske skriftkulturen historia til skrift, skriving, og tekstproduksjon gjennom tidene
- andre mindre brukte språk og om minoritetskulturar historie og praksis i språknormering
- historia til den nynorske litteraturen utviklinga av det nynorske skriftmålet gjennom tidene, saman med kunnskap om dei utfordringane som nynorsken står overfor i dag
- moderne samfunns-, litteratur-, og språkteori
Studenten kan:
- plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader
- forklare og formidle forholdet mellom ulike skrifttradisjonar og politiske system
- greie ut om skilnaden mellom skriftleg og munnleg kommunikasjon
Studenten kan:
- analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg
- vise stor fagleg breidd innanfor språk- og kulturfeltet forstå komparasjon, og arbeide komparativt med eit fagleg stofftilfang
- formidle ei generell innsikt i utviklinga av kulturen i Vesten
- skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emna Skriftkultur. Ei innføring (NYN301) og Vitskapsteori og metode (NYN302), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i to av dei fire følgjande valemna:Språkvitskap (NYN303), Den nynorske teksten (NYN304), Minoritetar (NYN311) og Lese- og skrivekunne (Literacy) (ULNO303). Kva for to valemne som vil bli gjeve undervisning i vil variere frå vårsemester til vårsemester. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring | 2017 Autumn | 2018 Spring |
---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||
15 | ||||
15 | ||||
30 | 30 | |||
Valemne studieåret 16/17* | 30 | |||
15 | ||||
NYN304 The New Norwegian Text | ||||
NYN311 Minorities | ||||
15 | ||||
*Vi tilbyr to av i alt fire valemne | ||||
Sum (120 total) | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.