Sjå liste over studieplanar som starter på:

Nynorsk skriftkultur

Program of study: 
Master Degree in New Norwegian Written Culture
Level of study: 
Master
Credits: 
120
Duration: 
4 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
25
Type of study: 
Master
Study mode
Full-time
Admission and rating

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

About

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer mellom anna for undervisning i skuleverket, for arbeid i forlag, media, fagstillingar ved museum, offentleg og privat kultursektor, kulturadministrasjon og kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten har inngåande kunnskap om

  • historia og situasjonen til den nynorske skriftkulturen 
  • historia til skrift, skriving, og tekstproduksjon gjennom tidene 
  • andre mindre brukte språk og om minoritetskulturar
  • historie og praksis i språknormering
  • historia til den nynorske litteraturen
  • utviklinga av det nynorske skriftmålet gjennom tidene, saman med kunnskap om dei utfordringane som nynorsken står overfor i dag
  • moderne samfunns-, litteratur-, og språkteori 
Learning outcome skills

Studenten kan

  • plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader
  • forklare og formidle forholdet mellom ulike skrifttradisjonar og politiske system
  • greie ut om skilnaden mellom skriftleg og munnleg kommunikasjon 
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg
  • vise stor fagleg breidd innanfor språk- og kulturfeltet
  • forstå komparasjon, og arbeide komparativt med eit fagleg stofftilfang
  • formidle ei generell innsikt i utviklinga av kulturen i Vesten
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk 
Content structure

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emna NYN301 Skriftkultur. Ei innføring og NYN302 Vitskapsteori og metode, medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i to av dei fire følgjande valemna: NYN303 Språkvitskap, NYN304 Den nynorske teksten, NYN311 Minoritetar og ULNO303 Lese- og skrivekunne. Kva for to valemne som vil bli gjeve undervisning i vil variere frå vårsemester til vårsemester. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Rettleiing vert i prinsippet gjeve innanfor normert studietid for skriving av masteroppgåva, dvs. 1 år for heiltidstudentar og 2 år for deltidstudentar. Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.

Nynorsk skriftkultur
Navn: 
Nynorsk skriftkultur
Course2017 Autumn2018 Spring2018 Autumn2019 Spring
Obligatoriske emne
15
15
3030
Valemne studieåret 2017-2018*
30
 
NYN303 Språkvitskap 15 stp (vert ikkje tilbydd våren 2018)
 
15
 
NYN311 Minoritetar 15 stp (vert ikkje tilbydd våren 2018)
 
15
*Vi tilbyr to av i alt fire valemne kvart vårsemester
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Stig Helset, tlf. 70 07 51 59, e-post stig.helset@hivolda.no