Sjå liste over studieplanar som starter på:

Religion og livssyn

Program of study: 
Bachelor in religious studies
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
40
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Bachelorgraden tilbyr utdanning i religion og livssyn med eit støttefag. Hovudvekta er på dei religionsfaglege emna. Støttefaget er valfritt. Vi tilrår fag som historie eller språk og litteratur (nordisk eller engelsk) ved Høgskulen i Volda, då dei passar inn i studiemodellen (sjå døme på organisering i studieplanen). Studiet gjev innsyn i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet, og graden utviklar forståinga av kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet.

Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng religionsfagleg kompetanse, t.d. i kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdanninga i skulen, må du frå hausten 2019 ha mastergrad og byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule. Bachelor i religion og livssyn kvalifiserer for opptak til mastergraden i kulturmøte ved Høgskulen i Volda, og han kan også kvalifisere til andre mastergradar dersom kandidaten fyller krava som gjeld for opptak i dei ulike programma.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

o    kunnskap om dei store verdsreligionane og ulike livssynstradisjonar

o    kunnskap om  sentrale religionsfaglege, filosofiske og vitskapsteoretiske spørsmål

o    kunnskap om sentrale etiske omgrep og teoriar

o    forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske, kultur og samfunn.

Learning outcome skills

o    analysere og reflektere kritisk over ulike tilnærmingar til religion og livssyn

o    analysere og reflektere kritisk over problem og posisjonar frå filosofi- og vitskapshistoria

o    bruke etiske omgrep og teoriar i etisk argumentasjon

o    nytte sentrale vitskaplege teoriar og metodar i eigne arbeid

o    formidle grunnleggjande religions- og livssynskunnskap både munnleg og skriftleg

o    tileigne seg ny kunnskap på religions- og kulturfeltet

o    reflektere over eige fagleg arbeid og dra nytte av rettleiing

Learning outcome qualification

o    sjølvstendig definere, strukturere og gjennomføre faglege prosjekt

o    tenkje analytisk og systematisk og framføre velformulerte resonnement

o    setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå ulike synsvinklar

o    samarbeide med fleire om faglege prosjekt

o    vise ferdigheiter i bruk av kjelder og referansar ved skriftlege arbeid etter generelle krav i høgare utdanning

o    bruke digitale verkty i faglege arbeid

Content structure

Bachelorprogrammet i religion og livssyn er sett saman av seks religionsfaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 90 studiepoeng, forutan Ex. Phil. (10 stp.) og eit innføringskurs i akademisk skriving og religionsfaglege arbeidsmåtar (5 stp.). Fire av dei religionsfaglege emna er på grunnivå og to, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje eitt av emna instituttet tilbyr. I tillegg inngår Ex. Phil. og innføringskurs i det fyrste semesteret .

Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt, men dersom ein tek sikte på å ta mastergrad og praktisk-pedagogisk utdanning etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i skulen, må ein ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn religion. Vi tilrår historie, språkfag (t.d. norsk eller engelsk), eller praktisk-estetiske fag. Slike fag kan takast ved Høgskulen i Volda og gå inn i bachelorprogrammet.

Alle emna har tilbod om forelesingar og seminar. Ex. Phil. og nokre av fordjupningsemna går anten med forelesingar og/eller som nettstøtta studium. Emnetabellen syner religionsfaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald om nok påmelding.

Studiet er bygd opp slik:

o    Examen philosophicum (EXP100) og Kurs i oppgaveskriving for religionsfag (REL142) som innføringsemne, til saman 15 stp.

o    REL111, REL112, REL113 og REL116 som obligatoriske emne  i religionsfag på grunnivå,  60 stp.

o    På fordjupningsnivået er REL212 (bacheloroppgåve) obligatorisk, i tillegg til eit av emna REL206 eller REL207, til saman 30 stp.

o    Eit valfritt emne på 15 stp. Vi tilrår her det andre av dei to valfrie fordjupningsemna (REL206 eller REL207).

o    I tillegg rår vi til enten historiefaglege emne (t.d. HI111, HI112, HI113 og HI201 eller HI204) eller språkfaglege (norsk eller engelsk, t.d. NO111S, NO112S, NO113S og NO114S eller ENG141, ENG142, ENG143 og ENG144). Til saman 60 stp.

Internationalisation

Det ligg godt til rette for å eit semester i utlandet i løpet av bachelorgraden. Høgskulen i Volda samarbeider med fleire institusjonar i mange land.

Ansvarleg
Knut-Willy Sæther, tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no