Planlegging og administrasjon
Gjennom bachelorstudiet i planlegging og administrasjon får du ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne. Studiet gjev deg viktig teoretisk innsikt i fagområde som:
- planlegging og GIS (geografiske informasjonssystem)
- samfunnsgeografi
- sosiologi og samfunnsvitskapleg metode
- statsvitskap og organisasjonsteori
- administrasjon og leiing
- økonomi
- juss
Studiet er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Med ein yrkesretta profil, vil studiet kunne gje deg grunnleggande kompetanse til eit breitt utval av arbeidsoppgåver og yrke både i stat og kommune, privat næringsliv og frivillig sektor. Studiet er ei god plattform for mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, samstundes som det også kvalifiserar til vidareutdannings- og mastergradsløp ved andre utdanningsinstitusjonar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om og forståing av:
- økonomiske, sosiale og fysiske utviklingstrekk, og dei utfordringar desse gir i forhold til berekraftig utvikling
- det teoretiske og metodiske grunnlaget for planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
- administrative prosessar og strategiar for leiing
- strategiar og tiltak for å utvikle robuste og attraktive regionar, kommunar og lokalsamfunn – både i eit teoretisk perspektiv og i lys av politiske vedtak og rammevilkår
Studenten skal kunne å:
- analysere og forstå utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
- gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
- samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
- utvikle eigen innsikt og kompetanse knytt til planlegging, administrasjon og utviklingsarbeid
Studenten skal generelt :
- ha utvikla gode haldningar og verdiar i forhold til fagområdet
- kunne vurdere ulike strategiar og drøfte løysingsalternativ
- kunne føreta kritiske vurderingar av perspektiv og teoriar som er relevante for administrasjon, planlegging og utviklingsarbeid
- kunne bruke verktøy og metodar på ein konstruktiv og kritisk måte
- ha evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som tilretteleggjar av planleggings- og utviklingsprosessar
Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon er lagt opp som ei fleksibel samfunnsvitskapleg grunnutdanning med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Studieprogrammet gir 180 studiepoeng og går over seks semester. Av dette er 135 studiepoeng obligatoriske og 45 valfrie.
Første studieår inneheld to tverrfaglege emne, Samfunnskunnskap (IPA111) og Forvaltningskunnskap (IPA112), kvart på 30 studiepoeng. Emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale- og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og juss.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er ein deleksamen i emnet Samfunnskunnskap. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
Haust andre studieår (tredje semester) er sett saman av to emne, Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode (IPA172) og Juridiske emne (IPA 209).
Vår andre studieår (fjerde semester) er valfritt, og studentane vel emne tilsvarande 30 stp. Instituttet tilbyr emna Arealplanlegging og GIS (IPA173), Forvaltningsarbeid (IPA106), Kommunal økonomi (IPA115), Grunnleggande innføring i leiing (IPA171), samt emnet Internship with internship report (IPA203/IPA206). Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.
Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.
Tredje studieår inneheld tre obligatoriske fordjupingsemne. I haustsemesteret blir søkelyset retta mot regionale planleggings- og utviklingsprosessar i emna Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling (IPA202) og The European Union and regional development: theories and practice (IPA213), kvart på 15 studiepoeng.
I vårsemesteret kan studentane velje eit av dei valfrie emna (jf. omtale av 2. studieår) og skriv Bacheloroppgåve (IPA210) med sjølvalt tema.
Course | 2019 Autumn | 2020 Spring | 2020 Autumn | 2021 Spring | 2021 Autumn | 2022 Spring |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne 1. studieår | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Obligatoriske emne 2. studieår | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valfrie emne 2. studieår og 3. studieår | 30 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
Obligatoriske emne 3. studieår | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Internship with internship report (IPA206) er eit valfritt emne i 4. semester. Studentane skal her planlegge og gjennomføre eit praksisopphald på 12 veker i tillegg til å utarbeide rapport med tema og problemstillingar knytt til praksisfeltet. Aktuell praksisplass kan vere innan offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil her også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet. Praksisrapporten utgjer eksamensarbeidet for emnet og skal vere på omlag 8000 ord.
Vårsemesteret andre studieår er valfritt, og det kan tilretteleggast for studiar i utlandet. Instituttet er medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk med europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging. Det er også inngått intensjonsavtalar kring program for studentutveksling med institusjonar i fleire land i Europa, USA m.v.