Sjå liste over studieplanar som starter på:

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid

Program of study: 
Professional Teacher Qualification
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
4 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
60
Type of study: 
Year programme
Study mode
Part-time
Admission and rating

Frå og med opptaket hausten 2019 er det nye opptakskrav til PPU allmennfag:

  • Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
  • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga. 
About

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisning 5. -13. trinn i grunn- og vidaregåande skule. Studiet er profesjonsretta, forskings- og erfaringsbasert med pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring i samanheng. 

Studiet skal utvikle komande lærarar sine evne til å sjå det unike ved kvart enkelt individ, til samhandling med elevane og til å stimulere elevane til læring og utvikling. Utdanningsprogrammet skal engasjere studenten i vitskaplege/kunstfaglege arbeidsformer, kritisk tenking og forskings- og utviklingsbasert kunnskap, basert både på nasjonal og internasjonal forskingslitteratur. 

Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum. Praktisk-pedagogisk utdanning skal legge til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet skal kvalifisere til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og globalt samfunn. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5-13 trinn er grunnlaget for studiet. Studiet rekrutterer også til arbeid i kulturskular og frivillig sektor. 

PPU ved Høgskulen i Volda vektlegg faga sin eigenart i skulen, profesjonsbasert digital kompetanse for læring, og verdien av praktisk estetisk læringsarbeid i skulen. Studiet tilbyr fleksibelt opplæringstilbod med stort innslag av nettbasert og modulbasert undervisning, i tillegg til fysiske samlingar. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Etter avtale kan det også vere aktuelt å få ta delar av praksis i utlandet.  

National regulations

Utdanninga byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet: 

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771  

Forskrifta skal sikre at det blir gitt ei utdanning som er profesjonsretta og basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap. Utdanninga skal ha høg fagleg kvalitet og skape heilskap og samanheng mellom fagstudier, pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring. Utdanninga skal forhalde seg til opplæringslova og gjeldande læreplaner for grunnopplæringen. Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold, mellom anna kjennskap til statusen urfolk har internasjonalt, og samiske barn og ungdom sin rett til opplæring i tråd med opplæringslov og gjeldande læreplanverk.

Det er i tillegg utarbeidd nasjonale retningslinjer for utdanninga: https://www.uhr.no/_f/p1/i13d351d8-d4a8-4c93-ac64-f0d2fbbdc6c6/godkjente-retningslinjer-ppu.pdf

Dei nasjonale retningslinjene skal utfylle forskrifta og sikre ei nasjonalt koordinert lærarutdanning som oppfyller krava til kvalitet i utdanningen. Læringsutbytteformulerningar i dei ulike emneplanane i studiet byggjer på læringsutbytteformuleringar gitt i nasjonale retningslinjer. 

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Learning outcome knowledge
  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn 
  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet 
  • har kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga 
  • har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar 
  • har oppdatert kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag 
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv 
  • har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje livsmeistring, helse og trivsel hos barn og unge 
Learning outcome skills
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap 
  • kan leie og legge til rette for undervisningslaup som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar 
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø 
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling 
  • kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på psykiske vanskar, vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak 
Learning outcome qualification
  • kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå 
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål 
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til elevar, kollegaer og skulen si utvikling 
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket 
Content structure

Utdanninga er sett saman av desse emna: 

30 stp pedagogikk delt opp i to emne på 15 stp kvar. 

30 stp fagdidaktikk delt opp i to emne på 15 stp kvar.  

For dei fleste fagområda innan allmenne fag er det krav om mastergrad. Studentar med mastergrad og undervisningskompetanse i eitt skulefag, skal ha fagdidaktikk i dette faget. Studentar med mastergrad og undervisningskompetanse i to fag, vil få tilbod om å følgje undervisnings- og læringsaktivitetar også i det sekundære faget, om dette er praktisk mogleg. Opptaksbrevet vil synleggjere tilbod om fagdidaktikkemne.

Med bakgrunn i skulen sitt behov for lærarar innan dei praktisk- estetiske faga, er det fram til 2025 gitt unntak for masterkravet for studentar med minimum 180 studiepoeng, dvs. bachelorgrad innan praktisk- estetiske fag. Denne bachelorgraden kan vere eitt-fagleg, eller den kan vere samansett av fleire praktisk-estetiske fag. Eitt av faga må då ha eit omfang på  minst 120 studiepoeng. Dei andre faga må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Studentar som har bachelorgrad i dei praktisk-estetiske faga, skal ha fagdidaktikk med all undervisnings- og læringsaktivitet knytt til det praktisk-estetiske faget der studenten har flest studiepoeng i (dvs. minimum 120 studiepoeng).

Praktisk pedagogisk utdanning er eit profesjonsstudium som skal kople saman studentane sin fagkompetanse med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis, og innhaldet i dei ulike emna i studiet må sjåast i samanheng. Undervisninga i dei ulike emna vert organisert rundt  8 temaområde, eller det vi vil kalle modular. Ein modul inneheld undervisning på campus, digitale læringsressursar, arbeid med teori og arbeid i praksis. Innan kvar modul vil det verte synleggjort indre samanheng i innhaldet i dei ulike emna i studiet. Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren. Studentane vil møte modul 1, 2, 5 og 6 på emna som går første studieår, og modul 3, 4, 7 og 8 for emna som går i siste studieår.

Suitability

Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14. 

Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning: 

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets 

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her. 

Professional training

Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Det skal minimum vere 60 dagar praksis i studiet. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. 

Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag er retta mot undervisning i allmennfag i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæringa.  Praksis skal vere både i grunn- og vidaregåande skule. For studentar med bakgrunn i dei praktiske- og estetiske faga er det også aktuelt med delar av praksis i kulturskulen. Det kan også vere aktuelt med delar av praksisen i vaksenopplæring.   

Emneplan for praksis gir nærmare omtale av praksisorganisering og læringsutbytte for praksis. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Bjørnar Sæterås, bjornar.saeteras@hivolda.no, tlf 70 07 53 55