Sjå liste over studieplanar som starter på:

Teater og drama (Årsstudium)

Program of study: 
Theatre and Drama - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
20
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? 

Årsstudiet i teater og drama er eit ettårig studium som består av 60 studiepoeng. Studiet vil gi deg erfaring med, og kunnskap om teaterfaget på ulike arenaer. 

I studiet skal de jobbe med t.d.:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing og improvisasjon
  • Teaterproduksjon
  • Regi
  • Museumsformidling
  • Forteljing
  • Teaterkunnskap

Årsstudiet i Teater og drama tilsvarer første året i bachelorutdanninga. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår. 
Studiet kvalifiserer deg for arbeid som utøvar i det frie kulturlivet, og som formidlar ved ulike institusjonar.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har grunnleggjande teaterkunnskap
  • har kunnskap om sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
  • har kunnskap om eit utvalt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
Learning outcome skills

Studenten

  • kan nyttiggjere seg teaterkunnskap og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre
  • kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer, og nytte desse i kunstnarleg formidling
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Content structure

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

Det er ei studiereise i haustsemesteret, der studentane etter søknad kan få anna tilpassa oppåve.

b) Progresjon

For å oppnå eit årsstudium må studenten ha til saman 60 studiepoeng.  
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som t.d.:

  • Skriftlege individuelle- og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljarframsyning
  • Analysar
  • Føredrag
  • Seminar/workshops

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Teater og drama (Årsstudium)
Navn: 
Teater og drama (Årsstudium)
Informasjon

Alle fire emnene i studiemodellen er obligatoriske.

Requirements

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Studentane skal:

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
Professional training

Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet, der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.

Internationalisation

Det er ikkje høve til utveksling i årsstudiet.

Expenses
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Vibeke Preus