Teater og drama (Årsstudium)
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar?
Årsstudiet i teater og drama er eit ettårig studium som består av 60 studiepoeng. Studiet vil gi deg erfaring med, og kunnskap om teaterfaget på ulike arenaer.
I studiet skal de jobbe med t.d.:
- Skodespelarteknikk og scenekunst
- Ensemblebyggjing og improvisasjon
- Teaterproduksjon
- Museumsformidling
- Forteljarkunst
- Teaterkunnskap
Årsstudiet i Teater og drama tilsvarer første året i bachelorutdanninga. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
Studiet kvalifiserer deg for arbeid som utøvar i det frie kulturlivet, og som formidlar ved ulike institusjonar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande teaterkunnskap
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
- har kunnskap om eit utval av formidlings- og scenekunstnarlege former
Studenten
- kan nyttiggjere seg teaterkunnskap og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
- kan planleggje, gjennomføre og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre
- kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i scenekunstnarleg formidling
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og kunstnarlege oppgåver
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver i prosjekt, som deltakar i ei gruppe
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
b) Progresjon
For å oppnå eit årsstudium må studenten ha til saman 60 studiepoeng.
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av studiet etter søknad.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som t.d.:
- Skriftlege individuelle- og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljarframsyning
- Analysar
- Føredrag
- Seminar/workshops
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Arbeidsmengda skal vere omlag 1800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Alle fire emnene i studiemodellen er obligatoriske.
Course | 2021 Autumn | 2022 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
- Eigen bærbar PC
Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet, der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.
Det er ikkje høve til utveksling i årsstudiet.