Sjå liste over studieplanar som starter på:

Design, kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust

Program of study: 
Design, Arts and Crafts
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2021
Number of students: 
10
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Design, kunst og handverk vidareutdanning er eit av to vidareutdanningsstudium som Seksjon for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda tilbyr. Det andre er Kunst og handverk 1, Kompetanse for kvalitet - sjå meir her https://www.hivolda.no/studietilbod/kunst-og-handverk-1-1-10-arstrinn/haust

Dette studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester, der studenten tek eitt emne pr. semester. Studiestaden er Volda og det er fysisk undervisning opp til to dagar kvar veke i eitt emne. Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter eige ynskje. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Content structure

Studiet vert sett saman av to emne à 15 studiepoeng, etter studenten sitt eige ynskje (sjå emnealternativ under overskrifta Valfrie emne).

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Det er fysisk undervisning opp til to dagar kvar veke i eitt emne.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

 

Design, kunst og handverk (vidareutdanning) - oppstart haust
Navn: 
Design, kunst og handverk (vidareutdanning) - oppstart haust
Expenses

Studentane betalar ei materialavgift for dei fleste emne. Denne dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna. 

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Janne Heggvoll, Janne.heggvoll@hivolda.no, 700 75 262