Kunst og handverk (vidareutdanning)
Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter ønskje.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Studenten
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studiet skal settast saman av 2 emne à 15 studiepoeng etter studenten sitt eige val. Studenten kan velje mellom fleire emne.
Haustemne:
- Visuell kommunikasjon, 15 stp.
- Tre, tradisjon og fornying, 15 stp.
- Tekstil - design og redesign, 15 stp.
Våremne:
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
- Arkitektur i skulen
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6.Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper.
Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk). Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Course | 2017 Autumn | 2018 Spring |
---|---|---|
Valfrie emne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.