See list of study plans starting on:

Mastergradsstudium i spesialpedagogikk

Program of study: 
Special Education - master
Level of study: 
Master
Credits: 
120
Duration: 
4 semesters
Year: 
2021
Number of students: 
65
Type of study: 
Master
Study mode
Full-time
Admission and rating

1. Opptaksgrunnlaget til mastergradsstudiet i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanninga 
  • allmennlærarutdanning 
  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. 

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 

4. Norsk og eventuelt engelsk må vere dekt etter gjeldande regelverk. 

5. Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje om undervisningsopptak til dei avsluttande emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306). Desse emna har avgrensa tal på studieplassar. Søkjarane må ha C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna, og blir deretter rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterane frå desse emna. Ved lik rangering vert opptak avgjort ved loddtrekking. 

About

Mastergradstudiet i spesialpedagogikk sitt hovudmål er å gje studentane solid kompetanse for arbeid med tilpassa opplæring, inkludering og likeverdige tilbod i barnehage og skule. 

Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialpedagogikken. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i barnehagefaglege, skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både for ordinær undervisning og spesialundervisning.

Avhengig av forkunnskap kan dette studiet gje deg

  • lektorkompetanse
  • auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
  • kvalifikasjonar for m.a.:
    • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
    • arbeid i PP-tenesta
    • arbeid i høgskulesektoren
    • opptak til doktorgradsprogram
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne 
  • har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
  • har grundige kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til fagfeltet
Learning outcome skills

 Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle
  • kan sikre best mogleg kvalitet på tilpassa opplæring for den enkelte 
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld mangfaldet i barne- og elevgruppa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking og kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis
  • kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid i ulike utdanningsinstitusjonar
Content structure

Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304 og UL305 går over eitt semester, og har fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. UL306 (masteroppgåva) har færre samlingar og går over to semester.

Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.

Emna Vitskapsteori og forskingsmetode og Masteroppgåve har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Heiltidsstudentar tek til på dei to emna samstundes. Masteravhandlinga kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305).

Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller med anna relevant utdanning, kan søkje om å få innpassa og godkjent dette i masterprogrammet. Etter individuell vurdering er det også mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet. 

 

Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, heiltid
Navn: 
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, heiltid
Evaluation

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar: 

  •  samlingsevalueringar 
  •  sluttevaluering 
  •  møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet 
  •  tilbakemelding frå sensor
Ansvarleg
Liv Ingrid Aske Håberg, e-post liv.ingrid.aske.haberg@hivolda.no, telefon 70 07 53 57