Forsking og utvikling

  • Vel gjennomførte Forskingsdagar

    Publisert

    Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda opplevde i år ein auke i talet på deltakarar samanlikna med føregåande år. Frå publikum og samarbeidspartnarar har arrangementet hausta ros.

  • Kåre Heggen tok imot FoU-prisen

    Publisert

    Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart i dag utdelt for tiande gong, og gjekk til professor Kåre Heggen. Han har utmerkt seg med mykje og godt forskingsarbeid gjennom mange år, men det var eit heldig samantreff som førte Heggen til høgskulen.

  • STORE ROM FOR FORBETRINGAR I SKULEN

    Publisert

    I arbeidet med boka «Elev- og lærarrolla, vilkår for læring» har redaktør Peder Haug og kollegaene gjort fleire funn som gir større innsikt i utfordringane skulen står over for.

  • Velkomen til Forskingsdagane 2015

    Publisert

    Frå 17. til 22. september står det over 20 underhaldande og lærerike arrangement for tur under Forskingsdagane 2015 ved Høgskulen i Volda. I år kan du mellom anna vere med å undersøke om lyd- og smakssansane har ein samanheng, oppleve ein mat- og friluftslivsdag for barn, seminar om eksportfiskens kulturhistorie og vere på verdspremiera for dokumentarfilmen om Vassendgutane.

  • Jan Inge Sørbø med ny bok om Arne Garborg

    Publisert

    «Frå bleike myr til alveland» er ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyorienterte forfattarskapen.

  • Animerer det som ikkje er funne opp enno

    Publisert

    – Det er første gongen så avanserte animasjonar og film vert brukte saman til å presentere nyvinningar i marin industri, fortel Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

  • – HVO er med i det gode selskap

    Publisert

    Fem forskarar frå HVO har bidrege i den nye boka «Nordic media and the cold war» i lag med kjende nordiske medieforskarar. Resultatet tyder at dei HVO-tilsette ikkje står tilbake frå dei anerkjende forskarane, meiner redaktørane av boka.

  • HVO-studentar skriv for PLAN

    Publisert

    PLAN Nr 3–4/2015 er eit temanummer om helse og planlegging. Ein stor del av temanummeret er samandrag av prosjektoppgåver som tidlegare HVO-studentar ved Helse og omsorg i plan har skrive.

  • Studerer pedagogikkfaget i ny barnehagelærarutdanning

    Publisert

    Førstelektor Bente Vatne er med i forskargruppa Pedagogikk i ny barnehagelærarutdanning (PED-BLU) i UHNettVest som forskar på korleis faget pedagogikk er implementert i den nye barnehagelærarutdanninga.