Forsking og utvikling

  • FoU-dag ved Avdeling for lærarutdannning

    Publisert

    - Målet er å gje inspirasjon til forskinga og undervisninga ved lærarutdanninga, fortel Bente Vatne ved Høgskulen i Volda. Onsdag 16. mars arrangerer lærarutdanninga FoU-dag og får besøk av professor Jeanette Rhedding-Jones (bildet), som er ein ressurs innan forsking og utvikling.

  • Vellykka utviklingsprosjekt

    Publisert

    - Dette har me lært eventyrleg mykje av, fortel prosjektleiar Roar Stokken etter at sluttrapporten for utviklingsprosjektet Lev eit friskare liv – på nett er levert. Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Helse Midt-Noreg og Norsk Nettskole, og er gjennomført med støtte frå Sosial- og helsedirektoratet og Helse og rehabilitering.

  • Seminar om Det opne språket, halvvegs

    Publisert

    Fredag den 18. februar 2005 skipar Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda eit seminar om prosjektet Det opne språket, som no er halvvegs.

  • Spesialpedagogisk ideologi til Japan

    Publisert

    Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda gav i 1998 ut boka Theoretical Perpectives on Special Education saman med Jan Tøssebro frå NTNU. No er boka utgjeve ved eit forlag i Tokyo i Japan. <br>
    - Fagmiljø i Japan er interessert i ideologi frå Norden, og at ein no gir ut denne boka på japansk er spennande, kommenterer professor Haug.

  • Millionprosjekt til Møreforsking Volda

    Publisert

    - Noregs Forskingsråd har tildelt Møreforsking Volda eit prosjekt på i alt kr 2 millionar for åra 2005-2006. Dette er ei vidareføring av prosjektet "Kommunikativ planlegging og utvikling" som vart starta i 2002, melder forskingsleiar Johann Roppen.

  • Internasjonal PhD-grad om barn, ungdom og media

    Publisert

    - Det har vore ein lang, men spanande veg å gå, seier førstelektor Asbjørn Simonnes ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda etter at han no har fullført PhD-graden (Doctor of Philosophy)ved Center for Advanced Theological Studies, School of Theology, ved Fuller Theological Seminary i California.

  • Essaypresentasjonar ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Alf Roger Djupvik, Marit Ulvund og Bente Vatne vil førstkomande onsdag presentere essay i vitskapsteori. Dette er ein del av forskarutdanninga i regi av Vestnorsk Nettverk.

  • Ny bok frå professor Kåre Heggen

    Publisert

    Professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har gitt ut boka Risiko og forhandlinger. Ungdomssosiologiske emner ved Abstrakt forlag. Ved bruk av begreper som identitet, individualisering, risiko og forhandlinger diskuteres sentrale spørsmål i ungdomssosiologien.

  • PRIVATISERING - EN KRITIKK

    Publisert

    Paul Bjerke, stipendiat i journalistikk ved Avdeling for mediefag, og samfunnsøkonomen Roar Eilertsen har nettopp gitt ut boka ”Privatisering-en kritikk” på forlaget De Facto.

  • Seminar om Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida

    Publisert

    Tysdag kveld vart seminaret ”Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida” halde på Høgskolen i Ålesund. Torsdag 23. september er det Volda sin tur til å få presentert korte foredrag som til saman skapar eit bilete av framtidas helsevesen. Etter foredraga vil det bli matservering og samtale i kantina, og høgskulelektor Heidi Brunstad vil servere nokre ord til ettertanke omkring mat. Seminaret er ein del av Forskingsdagane 2004, som vert arrangert over heile landet denne veka.