Forsking og utvikling

  • Gjesteførelesing og samarbeid med Tokyo University for Foreign Studies

    Publisert

    Onsdag 20. april held Peri Bhaskararao frå Tokyo University for Foreign Studies gjesteførelesing ved Høgskulen i Volda om minoritetsspråk og spesielt arbeidet med det sørindiske Toda språket. Tittelen på førelesinga er Phonetic complexity and orthography issues of Toda language.

  • Forskar på demokratisk radiostasjon

    Publisert

    - Er det råd å endre teknologiane og åtferda i massemedia så dei blir meir kommunikativt verdifulle? spør Lars Nyre og forskar på teknikkar for betre radio ved mellom anna å prøve ut ein internettradio ved Høgskulen i Volda som skal gje meir demokratisk deltaking i massemedia.

  • Seminar om profesjonsforsking 14. april

    Publisert

    Målet med seminaret Profesjonsforsking - ei utfordring for HVO er å sette i gang ein diskusjon om kva potensiale som ligg i profesjonsforsking som overordna grep, både når det gjeld organisering og innhald. Professor Lars Inge Terum, leiar av Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo er foredragshaldar.

  • To nye artikkelsamlingar om ungdom i rørsle

    Publisert

    Førsteamanuensis Jan Ove Ulstein ved Høgskulen i Volda er redaktør for to nye artikkelsamlingar; Ungdom i rørsle 1 og 2, som er gjevne ut i skriftserien Kyrkjefag Profil frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Temaet for artikkelsamlingane er kristeleg ungdomsarbeid.

  • Kristin Clemet opna nasjonalt senter for nynorsk

    Publisert

    - Vi treng eit nasjonalt senter som kan drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa, sa utdanning- og forskingsminister Kristin Clemet då ho i dag offisielt opna Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda.

  • Tiltredingsførelesing om livsløpet

    Publisert

    - Dette gjekk bra – strålar ein nybaka professor Myklebust etter tiltredingsførelesinga om livsløpsperspektiv i helse- og velferdsforsking i går. Jon Olav Myklebust har takka ja til professorstilling ved Institutt for sosialfag, og fekk ros frå kollegar ved mottakinga etterpå.

  • Kameramobil - mer enn leketøy

    Publisert

    - I gamle dager sendte vi postkort og var fornøyd med det. I dag sender folk sms og mms-bilder med mobiltelefonen. Men det er mer å hente og mer i vente fra mobiltelefonen. For jeg observerer og blir fortalt om stadig nye måter å bruke mobiltelefonen i hverdagen til folk flest og til journalister, sier Erling Sivertsen.

  • Konferanse om Nynorsk i opplæringa

    Publisert

    - I samband med opninga av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, vert det torsdag 31. mars skipa til ein konferanse med tema Nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda, melder prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal.

  • Tiltredingsførelesing med Jon Olav Myklebust

    Publisert

    Førelesinga blir halden i samband med at Jon Olav Myklebust nyleg har takka ja til stilling som professor i velferdssosiologi ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Myklebust har vore tilsett ved Høgskulen sidan 1973, og i lengre periodar har han også hatt forskingsprosjekt ved Møreforsking.

  • Nynorsksenteret tilbyd sidemålsopplegg for Oslo

    Publisert

    - Vi vil gjerne hjelpe Oslo kommune med å lage eit forsøksopplegg som kan styrkje sidemålsopplæringa, seier prosjektleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Anne Steinsvik Nordal.