Forsking og utvikling

  • Forskingsdagane: Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida

    Publisert

    Korleis endrar Helse Sunnmøre HF seg for å møte utfordringane i framtida? Dette er utgangspunktet for eit kveldsseminar i regi av brukarutvalet ved Helse Sunnmøre HF, KPI og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda torsdag 23. september. Dei mange innlegga på seminaret vil til saman gi eit bilete av korleis eit moderne helsevesen tenkjer.

  • Fredag opnar Forskingsdagane 2004

    Publisert

    Forskingsdagane 2004 er ein nasjonal festival med over 1000 arrangement. I Volda har vi åtte ulike arrangement frå 20. til 26. september.

  • Ny bok frå Anne Marie Rekdal

    Publisert

    Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Anne Marie Rekdal har gitt ut boken Skolens gjenganger? Et pedagogisk blikk på Ibsen, og stiller spørsmålet: Hvordan bør Ibsens drama presenteres for at de skal oppleves som aktuelle og engasjerende for dagens unge?

  • Professor Amdam presenterte rapporten om kommunesamanslåing

    Publisert

    Professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda la i dag fram rapporten om den framtidige kommunestrukturen på søre Sunnmøre. Eit av forslaga i rapporten går mellom anna ut på å samle ein felles storkommune på søre Sunnmøre med eigen ordførar og eige kommunestyre.

  • Doktordisputas

    Publisert

    Cand. philol Morten Løtveit disputerte lørdag 8. mai for dr. philos.-graden ved Universitetet i Oslo. Tittelen på avhandlingen er ”The Rise of Pancho Villa, 1910 – 1914”.

  • Ny bok: Medieindustrien - Innføring i medieøkonomi

    Publisert

    Forskingsleiar Johann Roppen ved Møreforsking Volda er aktuell med boka ”Medieindustrien - Innføring i medieøkonomi”. Denne boka er den første på norsk som gir ei samla framstilling av media som industri.

  • Ny bok: Nord-Vestlandet - liv laga?

    Publisert

    I dag er spørsmåla om kva som skal skje med kommunane og fylka på Nord-Vestlandet, svært aktuelle. Vil kommunane bli slegne saman? Vil Nord-Vestlandet bli ein utkant i storregionar styrte frå Trondheim og Bergen? I boka gir dei fremste forskarane ved høgskulane i Volda, Sogndal og Molde og Møreforsking i Molde og i Volda innsiktsfulle bidrag til debatten.

  • Forskingsprosjektet om barn og media avslutta

    Publisert

    Torsdag denne veka presenterer forskarane nokre av funna i forskingsprosjektet om barn og media . – Funna kan gli naturleg inn som ein del av den generelle, lokale debatten om barn og unge sitt oppvekstmiljø, røpar prosjektleiar og forskar ved Høgskulen i Volda, Asbjørn Simonnes.

  • Ein digital læringsrevolusjon

    Publisert

    Dagens unge kan på mange måtar kallast nettgenerasjonen, der dei som datanomadar «googlar» seg over enorme innhaldslandskap på Internett ved hjelp av kraftige søkjemotorar, skriv Rune Krumsvik, forskar i PILOT/dr.gradsstipendiat Høgskulen i Volda/UiB.

  • Naturfaga i skule og samfunn

    Publisert

    Så avhengige som vi er av naturen, er det eit paradoks at interessa i skulen for å lære naturfag og matematikk er så lita, skriv Kåre Heggen i denne artikkelen. Han er professor ved Høgskulen i Volda.