Info til alle

  • Spesiell konsertframføring med start tysdag 8. april

    Publisert

    Tysdag 8. april kl. 18.00 i aulaen på Kaarstad, er det duka for vårens kanskje mest spesielle konsert her i distriktet: ei konsertframføring av Erik Saties ”kultstykke” Vexations - ein kort, merkeleg komposisjon som etter instruksjonar frå komponisten skal spelast 840 gonger. Ei fullstendig framføring av verket tek difor 20-26 timar og gjer det til det lengste musikkstykket som er skrive innan ”konvensjonell” klassisk musikk.

  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk

    Publisert

    Vidareutdanning i spesialpedagogikk er eit nytt studietilbod frå hausten. – Erfaringar og tilbakemeldingar frå studentar gjer at vi har laga dette tilbodet, det er ikkje alle som kan tenkje seg å ta eit heilt mastergradsløp med det første. Med denne vidareutdanninga er det mogleg å få nyttig kompetanse, seier studieprogramansvarleg, Grete Dalhaug Berg ved Institutt for pedagogikk.

  • Dyktige lærarstudentar i Volda

    Publisert

    Minstekravet for opptak til allmennlærarutdanning er karakteren 3 i norsk og matematikk og minimum 35 skulepoeng. Dette er nasjonale krav som vart innført i frå hausten 2005, men ved Høgskulen i Volda ligg allmennlærarlærarstudentane langt over minstekravet.

  • Auka satsing på stipendiat – ei investering i framtida

    Publisert

    Høgskulen i Volda satsar på kompetanseheving innan fagdidaktikk, og har i desse dagar lyst ut åtte stipendiatstillingar. Desse vil vere ein del av eit fagdidaktisk forum, der ein ønskjer å skape ei større grad av fellesskap og betre gjennomstrøyminga til fullført doktorgrad.

  • Studentar og elevar lærer av kvarandre

    Publisert

    Denne veka har 1. års studentar ved Media, IKT og design og Mediekunnskap skulepraksis. Studentane skal lage film saman med elevar frå Øyra-, Bratteberg- og Austefjorden skule, der beste film skal kårast i eiga Oscarutdeling.

  • MS ”Ina Kristin”- frå skyssbåt til undervisningsbåt

    Publisert

    Skyssbåten "Ina Kristin" vart i dag formelt overdregen frå Volda kommune og til Høgskulen i Volda. Båten skal vere stasjonert på Yksnøya, som er sjø- og friluftsbasa til Seksjon for idrett og friluftsliv.

  • Internasjonal konferanse i rute

    Publisert

    26. - 28. november skal det være en stor internasjonal forskerkonferanse om media og protestbevegelser her ved Høgskulen. Søknadsfristen for påmelding gikk ut for noen dager siden, og en av de konferanseansvarlige, Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag, kan fortelle at det har kommet inn mange søkere med spennende prosjekter.

  • Idrettsstudentar fekk prøve seg som ski-instruktørar

    Publisert

    Silje Mari Krumsvik (19) og Hans Thore Djupvik (19) er studentar på Idrett årsstudium, og har nettopp vore med som instruktørar på Spenningskurset.
    - Det var kjekt å sjå kor stort det var for deltakarane å oppleve meistring, seier Silje.

  • Vårspel i Ivar Aasen-tunet frå 2. til 4. april

    Publisert

    Dagane frå 2. til 4. april varmar Ivar Aasen-tunet opp til Dei Nynorske Festspela med eigne vårspel, og kan by på både konsertar og debattar, foredrag og kåseri for eit breitt publikum. Stephen Walton, forfattar og leiar av Ivar Aasen-instituttet, er ein av foredragshaldarane og skal snakke om biografien som sjanger og problem.