Info til alle

  • Symfoniorkesteret på miniturné

    Publisert

    Denne helga kan du få med deg vakre tonar frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda saman med Høgskulekoret i Volda. Dirigent Rune Bergmann lover høgdepunkt frå året som gjekk under vårkonsertane.

  • Seminar om Stjernø-utvalet si innstilling

    Publisert

    I dag kl. 13.00 vil rektor Sigmund Grønmo, Universitetet i Bergen ta del i eit ope møte ved Høgskulen i Volda om utfordringane på Vestlandet med bakgrunn i Stjernø-utvalet si innstilling. Møtet vert halde i Berte Kanutte-huset, store auditorium.

  • MID-studenter lager Web-TV fra skiskytings-NM

    Publisert

    Studenter fra Bachelorgradsstudiet i Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda lager Web-TV for NM i skiskyting. Du kan se webstreaming fra arrangementet i Stryn mellom 25. - 30. mars.

  • Dansar mot straumen

    Publisert

    Medan andre høgskular kuttar i kreative fag, har Høgskulen i Volda i haust laga ei heilt eiga Avdeling for kulturfag. Avdelingsrådet, med May-Helen Molvær Grimstad og Stein P. Aasheim som eksterne representantar, har vore rundt i avdelinga og sett på dei ulike studietilboda.

  • Teikneserieskapar og høgskulelærar

    Publisert

    Torbjørn Lien er teikneserieskapar og høgskulelærar ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen. Han er kjend for teikneserien Kollektivet, og er i desse dagar ute med albumet ”Blacktööth - In Sorte Ridiculi”.

  • Lokalt klimaplanprosjekt

    Publisert

    Høgskulen samarbeider i desse dagar med Møreforsking Volda, ENØK- senteret, Tussa Kraft og Volda og Ørsta Reinhaldsverk med å utvikla lokale klimaplanar og eit mastergradsstudium i lokal miljø- og klimaplanlegging. 12. mars møttes prosjektgruppa, med Sveinung Dimmen (bilete) som prosjektleiar, for å planleggja kva som skal skje framover i klimaplanprosjektet.

  • Disputerte med fagleg eleganse

    Publisert

    Sist fredag forsvarte Jarle Pedersen doktoravhandlinga " Kamper for anerkjennelse - unge flyktninger i møte med norske lokalsamfunn". Han har dei siste åra vore stipendiat ved Institutt for sosialfag, og er nylig tilsett som 1. amenuensis ved samme institutt, der han skal undervise i fleirkulturelt arbeid.

  • "Krysninger" - om moderne nordisk lyrikk

    Publisert

    Dosent i nordisk litteratur, Rakel Christina Granaas og professor i nynorsk skriftkultur, Jan Inge Sørbø er to av bidragsytarane til den nyleg utgjevne ”Krysninger”. Boka kjem med nye perspektiv på moderne nordisk lyrikk.

  • Nye partnarar i Spania og Portugal

    Publisert

    Høgskulelektor Sissel Midtlid frå kunst og handverk og leiar for internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen har nett vore i Spania og Portugal der dei har besøkt to universitet. Begge institusjonane er svært interesserte i å ta i mot studentar frå Volda, og kan mellom anna freiste med gunstige avtalar for studentane.