Info til alle

  • Utdanning og yrkesorientering i Møre og Romsdal

    Publisert

    Denne veka er det utdanning og yrkesorientering for avgangselevar i den vidaregåande skulen i Møre. Opplegget er organisert av fylket, og Høgskulen i Volda er med saman med fleire andre utdanningsinstitusjonar. Hensikta er å fortelje om studietilboda, moglegheitene og studentlivet.

  • Utvekslingsprosjekt mellom Kenya og Merkesteinane

    Publisert

    Boniface Vanja og Alphonce Isai kjem frå Mathare-slummen i Kenya, og er i Volda for å lære korleis musikkgruppa Merkesteinane lever og arbeider. Tanken er å etablere ei liknande gruppe i regi av Mathare Youth Sports Association (MYSA) heime i Kenya.

  • Velferdsundersøkinga held fram: sei di meining!

    Publisert

    - Vi inviterer alle studentar til å seie si meining om studentvelferd. Undersøkinga er eit initiativ frå Læringsmiljøutvalet (LMU) og Tine Grieg Viig, velferdsansvarleg i Studenttinget i Volda (STiV) og leiar av LMU. - Vi tek sikte på ei kartlegging av korleis studentar eigentleg har det ved Høgskulen i Volda, seier ho.

  • På messe med ny stand og studiekatalog.

    Publisert

    Informasjonskontoret er i desse dagar på den store utdanningsmessa Utdanning og Yrke i Oslo Spektrum. Med seg har dei to studentar, Andreas Sundby (kroppsøving) og Synnøve Haug (skiutdanninga), for å representere studiestaden og studietilboda ved Høgskulen i Volda.

  • Høgskulens julekonsert

    Publisert

    Julekonsert i Volda kyrkje, torsdag 6.desember kl. 19.30 med
    Høgskulekoret, Symfoniorkesteret, studentar og lærarar. (Gratis)

  • Petter Løvik har gått bort

    Publisert

    Petter Løvik gjekk bort i går kveld, 58 år gammal. Løvik var utdanna siviløkonom og har vore knytt til høgskulen frå 1976 til han vart valt inn på Stortinget i 1997. I perioden 1976 til 1985 var han timelærar/vikar i økonomiske fag. Frå 1988 til 1997 var han amanuensis ved Institutt for planlegging og administrasjon.

  • Fagerli Sæthren lagar dokkefilmstudio

    Publisert

    Linda Fagerli Sæthren, tidlegare student og tilsett ved animasjonslinja ved Høgskulen i Volda, er no i gang med å lage eit studio for dokkefilmar på Telebygget i Volda sentrum.