Info til alle

  • Studietur til Spania til våren: Ny runde med Livsløp, velferd og planlegging

    Publisert

    Med oppstart i januar er det klart for ei ny runde med deltidsstudiet ”Livsløp, velferd og planlegging”. Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning, eller som valfritt emne i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing eller Mastergrad i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

  • Haikudikt om menneske og naturen

    Publisert

    Det er greitt å vera i skuggane så lenge me er på veg bort frå dei. Dette kan ein lesa i den nye diktsamlinga ”Frå skuggane” av Jan Ove Ulstein. - Dikta prøver å fange opp ei stemning i korte ordelag, slik som haikudikt, fortel Ulstein.

  • Førehandsrøysting for studentar

    Publisert

    Er du student ved Høgskulen i Volda, bør du merke deg følgjande. Dersom du ikkje har høve til å møte fram i vallokalet måndag 10. september, kan du røyste på førehand.

    Det vert høve til å førehandsrøyste ved Høgskulen i Volda onsdag 5. september kl. 10.30 – 14.30. På Volda rådhus vert det mottak av førehandsrøyster alle kvardagar frå kl. 09.00 – 15.00.

  • Voldastudentane kan velje mellom nesten 100 emne

    Publisert

    - Før 4. mai skal bachelor- og masterstudentane i Volda setje opp utdanningsplanen for hausten. Sjølv om det er forkrav på ein del emne, har mange studentar har nærare 100 emne å velje mellom. Det fleste bachelorgradene har ein valfri del på 30 studiepoeng der dei kan velje emne som normalt ikkje tilhøyrer programmet dei går på.

  • Seminar for studentar om eksamensstress

    Publisert

    I morgon, onsdag 18. april, kl 12.15 inviterer studentrådgjevaren ved Høgskulen i Volda, Ann-Iren Høgalmen og PPU-tillitsvalt, Henning Frode Dispen studentar til seminar om eksamensstressmeistring.

  • Styret har tilsett nye dekanar ved HVO

    Publisert

    Styret for Høgskulen i Volda (HVO) gjorde i juni 2006 vedtak om ny avdelingsstruktur med fire nye avdelingar. Det vart også gjort vedtak om å opprette fire nye dekanstillingar på åremål i tidsrommet 1. august 2007 til 31. juli 2011. I går tilsette styret for HVO Aud Folkestad, Sverre Liestøl, Ketil Jarl Halse og Rakel Christina Granaas i dei nye leiarstillingane.

  • Minnestund for Sveinung Vaage

    Publisert

    Høgskulen i Volda ved Avdeling for samfunnsfag vil komande fredag 19. januar kl. 12.00 halde minnestund for Sveinung Vaage, som døydde brått sist veke. Tilsette, studentar og dei som sto han nær vil få høve til å samlast til ei enkel markering i miljøet Sveinung har ferdast siste 16 åra. Minnestunda vert halde i Aasenauditoriet, 2. høgda i Aasenhuset.

  • Nyttårskonsert med Symfoniorkesteret

    Publisert

    Laurdag 13. januar kl 18.00 og søndag 14. januar kl 18.00 held Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda nyttårskonsert i Berte Kanutte-huset. Symfonien har 60-årsjubileum i år.