Ivar Aasen instituttet

  • Aarset med ny utgåve av Symra

    Publisert

    150 år etter at Ivar Aasen gav ut diktsamlinga Symra, har professor Terje Aarset ved Høgskulen i Volda laga ei ny utgåve. I tillegg til dei opphavlege dikta er det ei rekkje tekstar i den nye utgåva som kastar lys over Symra som litteratur.

  • HIPP, HIPP, HURRA FOR IVAR AASEN!

    Publisert

    Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og Høgskulen i Volda hyllar heidersmannen med denne helsinga frå rektor Per Halse.

  • "Der var ruskut å leggja utpå"

    Publisert

    I 2012 var det ti år sidan dei første studentane begynte på mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen. Jubileet feirast med boka "Der var ruskut å leggja utpå".

  • Godkjend doktorgrad om nordvestlandsk

    Publisert

    Cand.philol. Odd Monsson vart hausten 2012 tildelt Ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. Diverre døydde han like etterpå, og sjølve tildelinga skjedde posthumt.

  • Rekordmange tek eksamen ved Ivar Aasen-instituttet

    Publisert

    Heile fem kandidatar skal opp til avsluttande eksamen ved masterstudiet i nynorsk skriftkultur. Det er ny rekord. Fredag 8. juni vert det halde prøveførelesingar som er opne for alle.

  • Vestad gir ut ordliste i moldedialekta

    Publisert

    Høgskulelektor Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda gir ut Moldeordlista med over 1100 oppslagsord som er eller har vore brukte i rosenes by, Molde. Mediespråkeksperten kommenterer at ordboka passar godt for folk frå Molde, eller for folk som vil forstå dei.

  • Nynorsksenteret med filmpakke til alle nynorsklærarar

    Publisert

    Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda har samarbeidd med Snöball film om ein ressurspakke for lærarar som underviser i nynorsk som sidemål i grunnskulen. - No sender Nynorsksenteret ut ressurspakken på DVD til alle ungdomsskular, høgskular og universitet i landet, melder informasjonskonsulent Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

  • Prof. Stephen Walton nominert til Brageprisen

    Publisert

    Stephen J. Walton ved Ivar Aasen-instituttet er nominert til Brageprisen 2008 i klassen for sakprosa. Med boka "Skaff deg eit liv!" går Walton biografisjangeren etter i saumane. Walton er kritisk til den gjengse måten å skrive biografiar på, og etterlyser meir eksperiment og nye løysingar.