Ivar Aasen instituttet

  • Korleis kan me gje elevane nynorsk tekstkompetanse?

    Publisert

    Som ein del av Forskingsdagane 2008 kan Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) by på eit ope seminar for lærarar, studentar og andre interesserte. Seminaret skal vere onsdag 24. september på Høgskulen i Volda.

  • Opne prøveforelesingar måndag 16. juni

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet inviterer til 3 opne prøveførelesingar måndag 16. juni på Strøm 245, i samband med avsluttande eksamen ved mastergraden i nynorsk skriftkultur.

  • Vellykka disputas

    Publisert

    25. april disputerte Jens Johan Hyvik ved Historisk institutt. Disputasen fann stad på Universitetet i Oslo, og det var i underkant av 30 personar som følgde disputasen. Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, og har tema“…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog? - Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739-1850".

  • Disputas:<br />Fanst det eit norsk språk før 1850?

    Publisert

    25. april framstiller cand.philol. Jens Johan Hyvik frå Høgskulen i Volda seg for ph.d.-graden med avhandlinga “…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog? - Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739-1850" melder uio.no.

  • Vårspel i Ivar Aasen-tunet frå 2. til 4. april

    Publisert

    Dagane frå 2. til 4. april varmar Ivar Aasen-tunet opp til Dei Nynorske Festspela med eigne vårspel, og kan by på både konsertar og debattar, foredrag og kåseri for eit breitt publikum. Stephen Walton, forfattar og leiar av Ivar Aasen-instituttet, er ein av foredragshaldarane og skal snakke om biografien som sjanger og problem.

  • "Krysninger" - om moderne nordisk lyrikk

    Publisert

    Dosent i nordisk litteratur, Rakel Christina Granaas og professor i nynorsk skriftkultur, Jan Inge Sørbø er to av bidragsytarane til den nyleg utgjevne ”Krysninger”. Boka kjem med nye perspektiv på moderne nordisk lyrikk.

  • ”Skaff deg eit liv! Om biografi” av Stephen J. Walton

    Publisert

    Stephen J. Walton var Noregs første professor i nynorsk skriftkultur, og er leiar for Ivar Aasen-instituttet her ved Høgskulen. I desse dagar er han aktuell med boka ”Skaff deg eit liv! Om biografi”, som er ei samling artiklar om biografisjangeren og det å skrive biografiar. Boka har fenga fleire si interesse og fått gode omtalar.
    - Eg var skeptisk til denne måten å skrive på og ville gjere det på ein annan måte, det var utgangspunktet mitt.

  • Prøveførelesing ved mastergrad i nynorsk skriftkultur

    Publisert

    I samband med avsluttande eksamen ved Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur vert det tysdag 18. desember halde ei opa prøveførelesing av Mette Aaram Ringstad med temaet "Dei nynorske identitetane i lys av det generelle forholdet mellom språk og identitet".

  • Seminaret "Biografien i nynorskverda"

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet og Norsk Ordbok inviterer til seminaret "Biografien i nynorskverda" i Forskarnettverket i nynorsk skriftkultur onsdag 21. november kl. 10.00. <br>
    Møtet vert lagt til Stavanger i samband med MONS-møtet 22-24. november.