Ivar Aasen instituttet

  • - Jostein Fet er ein verdig vinnar

    Publisert

    - No reiser eg mest truleg til Island. Eg har vore der eit par gongar tidlegare, og vart begeistra av landet og folket. Men særleg språket på Island er interessant, seier Jostein Fet, som vann FoU-prisen sist veke. - Ein verdig vinnar, kommenterer kollegaene.

  • FoU-prisen gjekk til Jostein Fet

    Publisert

    Litteratur- og kulturforskaren Jostein Fet fekk FoU-prisen 2006 under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, og kan vise til forsking som har lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie.

  • Nynorsksenteret med dagskonferanse om betre nynorskundervisning

    Publisert

    Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) skipar til dagskonferansen «Betre nynorskundervisning» i Oslo 30. mai. - Vi skal sjå nærare på stoda for nynorskundervisninga og presentere gode føredøme og aktuelle forskings- og utviklingsarbeid innanfor nynorskopplæringa, melder senterleiar Anne Steinsvik Nordal.

  • Jan Inge Sørbø lanserte romanen om Fartein Valen

    Publisert

    - Eg var fascinert av figuren Valen; kombinasjonen av pietismen og avantgardismen hans. Eg hadde ikkje noko forhold til musikken hans frå før, men blei begeistra, seier professor Jan Inge Sørbø frå Høgskulen i Volda til h-avis.no. Professor Sørbø lanserte romanen ”Symfoni no. 3, Opus 41” under Borealisfesten i Bergen i går kveld.

  • Professor i filosofi, Jon Hellesnes, tilsett ved HVO

    Publisert

    Jon Hellesnes, professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, er frå årsskiftet tilsett som professor II ved Høgskulen i Volda, og han kjem på si første vitjing til Volda denne veka. Han vil halde ulike førelesingar, og dei fleste er opne for alle.

  • Kvinnedagen: Marie Takvam - bortanfor biografien

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet har ein tradisjon for å markera kvinnedagen. I år er det naturleg å knyta dette til ei anna markering: I løpet av året er det 80 år sidan Marie Takvam vart fødd.

  • Mia Berner gjestar HVO: Erotikk, filosofi og skjønnlitteratur

    Publisert

    Måndag den 14.11. gjestar Mia Berner HVO, og snakkar om boka "Fordi det er slik jeg ror," som kom ut i fjor haust. Det er ei skjønnlitterær bok, der temaet er kjærleik - forteljingar om erotiske møte, ein slags erotisk road-movie.

  • Ny utgjeving frå Ivar Aasen-instituttet

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet har gitt ut ei ny bok i skriftserien sin, "Noregs Boklag - ei forlagssoge" av Aud Skipenes. Boka er masteroppgåva hennar ved mastergraden i nynorsk skriftkultur frå hausten 2004, og skildrar eit forlag og deira kamp for å overleve.

  • Forskarnettverket SPRID ÖSTERUT sitt første seminar i Vilnius

    Publisert

    Sist helg gjennomførte det nordisk-baltiske forskarnettverket SPRID ÖSTERUT sitt første seminar i den litauiske hovudstaden Vilnius. Nettverket vert koordinert Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Utgangspunktet er det nordiske nettverket SPRID, eit akronym for Språk og identitet.