Ivar Aasen instituttet

  • Gjesteførelesing og samarbeid med Tokyo University for Foreign Studies

    Publisert

    Onsdag 20. april held Peri Bhaskararao frå Tokyo University for Foreign Studies gjesteførelesing ved Høgskulen i Volda om minoritetsspråk og spesielt arbeidet med det sørindiske Toda språket. Tittelen på førelesinga er Phonetic complexity and orthography issues of Toda language.

  • Kristin Clemet opna nasjonalt senter for nynorsk

    Publisert

    - Vi treng eit nasjonalt senter som kan drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa, sa utdanning- og forskingsminister Kristin Clemet då ho i dag offisielt opna Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda.

  • Ivar Aasen-instituttet feirar kvinnedagen igjen

    Publisert

    - Ivar Aasen-instituttet har hatt som vane å feire Kvinnedagen. I år markerer ein også at det er hundre år sidan unionsoppløysinga, og spør: Kva hadde svensk kvinnerørsle å seie for at unionsoppløysinga vart fredeleg? Den som skal svare på dette spørsmålet er den framståande svenske litteratur- og kvinneforskaren Helena Forsås-Scott.

  • Festskrift i høve Jan Inge Sørbø sin 50-årsdag

    Publisert

    I høve 50-årsdagen til Dr. philos Jan Inge Sørbø har kollegar frå høgskulemiljøet gjeve ut festskriftet Mellom sann skrift og mystisk røynd på skriftserien frå Ivar Aasen-instituttet. Tekstene i festskriftet har fått stor spennvidde både i tematikk og sjanger.

  • Ny bok frå professor Sørbø

    Publisert

    Professor Jan Inge Sørbø ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda har gitt ut essaysamlinga Frå gamle fjell til magma. Med skarpt blikk både for verknadshistoria og dei enkelte dikta presenterer Sørbø nylesingar av Ivar Aasen, Arne Garborg, Olav Aukrust, Jakob Sande, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Marie Takvam, Alfred Hauge, Kjartan Fløgstad og Paal-Helge Haugen..

  • Nasjonalt senter for nynorsk i skulen vert lagt til Høgskulen i Volda

    Publisert

    Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda vert det nye nasjonale senteret for nynorsk i skulen. I samarbeid med Nordisk institutt og lærarutdanninga vil fagmiljøa ved Høgskulen i Volda no spele ei sterk rolle i forsking og utvikling av sidemålsundervisninga.

  • Ny utgåve av Norsk Ordbog

    Publisert

    Berebjelken mellom norske ordbøker har dei siste hundre åra vore Norsk Ordbog, hovudverket til Ivar Aasen. No er denne boka utgjeven med latinsk skrift av førsteamanuensis Terje Aarset ved Høgskulen i Volda og Kristoffer Kruken ved Universitetet i Oslo. Hovudkjelda til det nynorske skriftspråket er gjennom denne utgjevinga endeleg tilgjengeleg for alle.