Om Høgskulen i Volda

  • Høgskulen i Volda sitt kvalitetssystem godkjent av NOKUT

    Publisert

    Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har godkjent Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring. - Etter å ha brukt mykje til på å utarbeide eit kvalitetssystem, er vi glad for godkjenninga, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth.

  • 4 høgskular går saman om bruk av arkivplan.no

    Publisert

    - Dei 4 høgskulane på Nordvestlandet, Sogn og Fjordane, Volda, Ålesund og Molde går saman om å bygge opp sine arkivplanar med arkivplan.no, fortel Anne Helen Sundalsfoll som er arkivleiar ved Høgskulen i Volda.

  • Fred over minnet til Margareth

    Publisert

    - Vi er svært rysta over ulukka og bortgangen til Margareth Nessa (23) frå Hjelmeland i Rogaland som omkom i eit fall ved Rotsethornet i helga, sa rektor Gunnar Stave under minnestunda i går. Fredag vert det gravferd i Årdal kyrkje og ei markering i Volda kyrkje.

  • Ny prosjektmedarbeidar ved KEV

    Publisert

    Bente Hasle er tilsett som ny prosjektmedarbeidar ved Kontor for etter- og vidareutdanning (KEV).
    Bente Hasle har nyleg avslutta sin mastergrad i spesialpedagogikk, og skal arbeide innanfor pasientopplæringsfeltet.

  • Avduking av Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya

    Publisert

    Sist veke markerte Avdeling for lærarutdanning Yksnøy-prosjektet og Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya ved Eika.<br>- Dette er ein stad der vi som studentar ved Høgskulen i Volda kan oppleve, studere og leve i naturen i kortare og lengre periodar – og det er herlig, kommenterte studentane ved Utefag.

  • Festaftan ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson si høgre hand, David Hansen kjem til Volda for å dele ut heidersnemninga ”Internasjonal kommune” på ein festaftan i kveld kl. 18.30 ved Høgskulen i Volda.

  • Godt nøgd med søkartala

    Publisert

    Ved Høgskulen i Volda var det frykta ein kraftig nedgang i talet på søkarar til lærarutdanninga som ein følgje av nye karakterkrava i matematikk og norsk. - Dei nye karakterkrava har likevel ikkje fått alvorlege følgjer for søkinga til lærarutdanninga, seier rektor Gunnar Stave.

  • Fredag: Vekeavisa som innstikk i Sunnmørsposten

    Publisert

    Høgskulen i Volda syter for distribusjon av 16000 aviser til abonnentar på Sunnmøre. -Vi gjer dette fordi at vi føler at fleire bør å kjennskap til VEKA og det nye studenthuset Rokken. Dette er også ein måte å signalisere at vi er svært takksame for det fantastiske arbeidet studentane gjer for studentmiljøet i Volda, seier informasjonsansvarleg Per Arne Brandal.

  • Studentar og bygdefolk opna Rokken saman

    Publisert

    - Dette er ein stad som studentar og bygdefolk kan nytte saman – og slik skape eit verkeleg tverrkulturelt hus, sa tidlegare leiar i styret for Studentsamskipnaden John Kaspersen, som leidde opningsfesten for det nye studenthuset Rokken i Volda. Etter opninga starta også den 20. studentveka.