Semesters

KOH204 Objekt i rom

Course code: 
KOH204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Kunst og handverk årsstudium (eller tilsvarande)

Course content

Emnet er ein del av Bachelorgraden i kunst og handverkStudiet bygger vidare på det faglege nivået som årsstudiet i kunst og handverk gir, og skal vidareføre arbeidet med å utvikle studentens kompetanse i tre-dimensjonale uttrykk og komposisjon i rom. Val av kvalitativt gode materialar og teknikkar, samt referanser til samtidskunsten står sentralt. Det vert lagt vekt på utforskande arbeidsmåtar, kreativitet og refleksjon, både undervegs og i etterkant av prosessane.

Learning outcome

KunnskapStudenten: har kunnskap om kreativitet og skapande prosessar, i teori og praksis har kunnskap om ulike materialar sine eigenskapar, samt teknisk bearbeiding har kunnskap om formalestetisk teori og visuell grammatikk har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med utgangspunkt i objektkunst, installasjon og stedsspesifikk kunst. har kunnskap om kvalitetsomgrepet knytt til ulike romlege uttrykksformer har kunnskap om samanhengen mellom val av materiale, uttrykk og bodskap har kunnskap om ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsformgjeving FerdigheiterStudenten: kan utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre denne fram til ferdig arbeid, samt dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med tredimensjonale- og romlege uttrykksformer kan bruke kunst og formkulturen som referanse i eige arbeid viser gjennom eige arbeid forståing for kvalitetsomgrepet i tredimensjonale uttrykksformer viser gjennom eige arbeid forståing for samanhengen mellom val av materiale og formidla bodskap kan formgje ei utstilling med bevisst val utstillingsprinsipp og verkemiddel Generell kompetanseStudenten: har evne til å reflektere kring estetiske og etiske aspekt i tilknyting til formidling av kunstneriske uttrykk og verdiar har innsikt i korleis ein gjer seg nytte av ulike utprøvingsarbeid i eiga utvikling, samt å kunne formidle dette. kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling

Learning outcome knowledge

f

Learning outcome skills

f

Learning outcome qualification

f

Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid og oppgåveløysing. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står og sentralt i emnet. Fyrste del av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema. I andre del arbeider studentane i mindre  grupper med eit praktisk prosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva.Studietur til relevante kunstinstitusjonar i utlandet.Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.Anna som vedkjem emnet:Material- og verkstadavgift: Studentane betaler ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. Studenten må sjølv kjøpe materialer til eksamensoppgåva.Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Assessment requirements

f

Evaluation system

f

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
18
Used in other programs