Semesters

KOH204 Objekt i rom

Course code: 
KOH204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Kunst og handverk årsstudium (eller tilsvarande)

Course content

Emnet er ein del av Bachelorgraden i kunst og handverk. Studiet byggjer vidare på det faglege nivået som årsstudiet i kunst og handverk gir, og skal vidareføre arbeidet med å utvikle studenten sin kompetanse knytt til tre-dimensjonale uttrykk og komposisjon i rom. Val av kvalitativt gode materiale og teknikkar, samt referanser til samtidskunsten står sentralt. Det vert lagt vekt på utforskande arbeidsmåtar, kreativitet og refleksjon, både undervegs og i etterkant av arbeidsprosessane.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om kreativitet og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om formalestetisk teori og visuell grammatikk
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med utgangspunkt i objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kunnskap om kvalitetsomgrepet knytt til ulike romlege uttrykksformer
  • har kunnskap om samanhengen mellom val av materiale, uttrykk og bodskap
  • har kunnskap om ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsformgjeving 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre denne fram til ferdig arbeid, samt dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess
  • kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med tredimensjonale- og romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise forståing for kvalitetsomgrepet i tredimensjonale uttrykksformer
  • kan gjennom eige arbeid vise forståing for samanhengen mellom val av materiale og formidla bodskap
  • kan formgje ei utstilling med bevisste val av utstillingsprinsipp og verkemiddel 
Learning outcome qualification

Studenten

  • har evne til å reflektere kring estetiske og etiske aspekt i tilknyting til formidling av kunstneriske uttrykk og verdiar
  • har innsikt i korleis ein gjer seg nytte av ulike utprøvingsarbeid i eigne arbeidsprosessae, samt å kunne formidle dette
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid og oppgåveløysing. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står og sentralt i emnet. Fyrste del av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema. I andre del arbeider studentane i mindre  grupper med eit praktisk prosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva. Studietur til relevante kunstinstitusjonar i utlandet.

Anna som vedkjem emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

Assessment requirements

 

  • Gjennomført og dokumentert arbeid frå innføringsblokker
  • Obligatorisk framlegging av praktiske arbeidskrav i plenum
  • Obligatorisk innlevering av skriftlege delar innan fastsett frist
  • Obligatorisk rettleiing på gruppeprosjekt
  • Dokumentert deltaking på studietur

 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning etter gjeldande reglar for HVO. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Åshild Sævik
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr 700,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. Studenten må sjølv kjøpe materiale til eksamensoppgåva.

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Studenten kan nytte stempla og godkjende støtteark, som studenten sjølv tidlegare har utarbeida og levert inn til godkjenning.
Rapport
Individual
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40