Semesters

KOH204 Objekt i rom

Course code: 
KOH204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Kunst og handverk årsstudium (eller tilsvarande)

Course content

Emnet er ein del av studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Studiet byggjer vidare på det faglege nivået som årsstudiet i kunst og handverk gir, og skal vidareføre arbeidet med å utvikle studenten sin kompetanse knytt til tre-dimensjonale uttrykk og komposisjon i rom. Val av eigna materiale og teknikkar, samt referanser til samtidskunsten står sentralt. Det vert lagt vekt på utforskande arbeidsmåtar, kreativitet og refleksjon, både undervegs og i etterkant av arbeidsprosessane.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om kreativitet og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om formalestetisk teori
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kunnskap om kvalitetsomgrepet knytt til ulike romlege uttrykksformer
  • har kunnskap om ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsdesign 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre denne fram til ferdig arbeid, samt dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess
  • kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med tredimensjonale- og romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise forståing for kvalitetsomgrepet i tredimensjonale uttrykksformer
  • kan formgje ei utstilling med bevisste val av utstillingsprinsipp
Learning outcome qualification

Studenten

  • har evne til å reflektere kring estetiske og etiske aspekt i tilknyting til formidling av kunstneriske uttrykk
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om førelesingar samt oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står også sentralt i emnet. Fyrste del av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema. I andre del arbeider studentane i mindre grupper med eit praktisk prosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva.

Det vert gjennomført obligatorisk studietur til relevante kunstinstitusjonar i utlandet.

Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar. 

 

 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  • Obligatorisk framlegging og/eller utstilling av 3 praktiske/digitale arbeidskrav i plenum
  • Obligatorisk innlevering av skriftlege refleksjonar innan fastsett frist
  • Obligatorisk rettleiing på gruppeprosjekt
  • Dokumentert deltaking på studietur eller gjennomføring av eit alternativt opplegg i samråd med lærar

 

 

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Åshild Sævik
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr 700,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Studenten kan nytte stempla og godkjende støtteark, som studenten sjølv tidlegare har utarbeida og levert inn til godkjenning.
Rapport
Individual
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Approval signature: 
Aud Folkestad