Semesters

KOH204 Objekt i rom

Course code: 
KOH204
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Kunst og handverk årsstudium, eller tilsvarande etter særskild søknad.

Course content

Emnet er ein del av studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på forjupingsnivå. 

Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk, utstillingsdesign og komposisjon i rom. Emnet gir kunnskap om, og forståing for, samtidskunsten, med særleg vekt på objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om formalestetisk teori
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
  • har kjennskap til ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsdesign. 
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
  • kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
  • kan vere med å formgje ei utstilling med bevisste val av utstillingsprinsipp.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt materialval i skapande prosessar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Working and learning activities

Arbeidsmåtane er  førelesingar, oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet. Fyrste del av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema. I siste del arbeider studentane i mindre grupper med eit praktisk eksamensprosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva. Det er obligatorisk med minst ei gjennomført rettleiing pr. gruppe.

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein søke om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  • Utstilling/framlegging av to praktiske arbeidskrav i plenum
  • Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastlagd frist (omlag 1000 ord)
  • Dokumentert deltaking av studietur gjennom levering av observasjonsskjema innan fastlagd frist.

 

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
14
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Åshild Sævik
Expenses

Studentane betalar ei materialavgift på kr 700,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Praktiske arbeid skal dokumenterast og leverast digitalt.
Home exam
Individual
8 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Alle
Rapport
Individual
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Digital innlevering.
Approval signature: 
Aud Folkestad