Inspirerande konferanse om språkstimulering

Text: Webmaster Volda

- Updated

Frå ulike innfallsvinklar tok innleiarane føre seg korleis born kan ta dei første stega inn i den nynorske skrifta, til dømes gjennom bruk av den nynorske barnelitteraturen eller språkstimulering på datamaskina.

– Konferansen har vore utruleg interessant, fortel Turid Bang frå Øystese barnehage. – Det var flott at det var eit skikkeleg fokus òg på barnehagane, meiner konferansedeltakaren, som drog heim med ny inspirasjon. Øyfrid Garborg Sande Aufles frå Kviteseid skule let seg òg inspirera på konferansen. – Etter å ha høyrd på føredraga fekk eg konkrete idear til arbeidsmåtar eg kan ta i bruk i undervisninga. Det var ein lang bussreise for å koma hit, men det var verdt det, smiler den entusiastiske læraren.

På konferansen var det òg lansering av den nye antologien Les for meg!, som Nynorsksenteret gjev i gåve til norske barneskular og barnehagar. Antologien er tenkt som ein døropnar inn i det rike skattkammeret som den nynorske barnelitteraturen er.

Share on