Prof. Myklebust: Ny bok om internasjonal solidaritet

Text: Webmaster Volda

- Updated

187760a8957e950f97f67829a310197e2994fb06

Internasjonal solidaritet
Det svensk-norske sjukehuset i Alcoi under den spanske borgarkrigen

 

– Den spanske borgarkrigen var langt meir enn ein lokal konflikt på den iberiske halvøya, fortel Jon Olav Myklebust. Franco-opprøret sommaren 1936 var starten på ein tusen dagars krig som skapte eit brennande engasjement med blant anna internasjonale frivillige og sterk innblanding frå framande makter.

– Den mest kjende hendinga er kanskje den tyske Condorlegionens terrorbombing av den baskiske byen Guernica 26. april 1937, dagen etter den offisielle opninga av det svensk-norske hospitalet i Alcoi på den spanske austkysten.

Historia om dette hospitalet er no skriven

Boka "A Hospital for Spain! Scandinavian Solidarity in a Time of Civil War" (Alcoi: ZOE Imatge Arts 2009) fortel om det store folkelege engasjementet for den spanske republikken med hundrevis av lokale hjelpekomitear i Noreg og Sverige som skapte det økonomiske grunnlaget for den humanitære hjelpa.

Den kompliserte transporten av personell og sanitetsmateriell frå Skandinavia til Spania blir detaljert framstilt, og dei vel 30 svenske og norske legane og sjukepleiarane blir grundig presenterte. Det anti-fascistiske engasjementet – både blant sosialistiske og borgarlege hjelpearbeidarar – blir dokumentert.

– Vi legg også vekt på det problematiske i å drive hjelpearbeid i ein situasjon der motkreftene stadig hadde framgang på slagmarka. Ikkje minst trugande var dei italienske flya som med base på Mallorca bomba Middelhavskysten systematisk.

Den skandinaviske innsatsen

Sjølve sjukehuset vart ikkje bomba før etter at dei republikanske styresmaktene hadde tatt over drifta.

– Før dei norske og svenske hjelpearbeidarane drog heim hadde dei behandla over 1200 såra soldatar og i tillegg gitt medisinsk hjelp til sivilfolket i Alcoi, fortel Myklebust.

Pasientane har fått eit eige kapittel i boka, der det blir gitt god plass til historiene til nokre av dei skadde norske og svenske frivillige.

Historia inn i dagens pensum

I det første kapitlet – Voices from Alcoi, 1937 – er det tre av dei norske legane som kjem til orde gjennom utdrag frå samtidige rapportar og dagbøker. Desse personane er blant dei vi også møter igjen i sluttkapitlet der det blir lagt på sambandet mellom den spanske borgarkrigen og den andre verdskrigen.

– Mange av nordmennene frå Alcoi fekk då ein ny omgang mot ein variant av den fienden dei hadde sett herje på spansk jord, seier han.

Boka byggjer på materiale framskaffa frå arkiv i Noreg, Sverige og Spania. I tillegg har det kome fram mykje nytt stoff som etterkommarane til Alcoi-fararane har tatt vare på. Ikkje minst gjeld dette dei mange fotografia som er gjengitt i boka, ei bok som blant anna vil bli brukt i undervisninga ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Dette gjeld særleg kurset Livsløp, velferd og planlegging som startar med eit nytt kull i slutten av januar.

Beneito Lloris og Myklebust kjem i 2010 ut med ei meir omfattande spansk utgåve av historia om Alcoi-hospitalet.

Share on