Vert gjesteforskar ved Princeton

Knut-Willy Sæther, førsteamanuensis ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, har fått tilbod om å vere gjesteforskar ved Princeton Theological Seminary, hausten 2012

Sæther skal arbeide med eit bokprosjekt medan han er der. Han vil vere ein del av fagmiljøet, og halde foredrag ved ymse universitet i USA om sitt forskingsarbeid.

Princeton Theological Seminary er eit av dei mest tradisjonsrike og anerkjente institusjonane innan religion og teologi, og er særlig kjend for sitt bibliotek. Det vart skipa i 1812 og feirar 200 års jubileum i år. Institusjonen er knytt til Princeton University, som er eit av åtte universitet i eksklusive Ivy League.

Share on: