Samfunnsplanlegging og leiing (heiltid)
Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Planleggar og leiar er ofte noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Vidare har leiarar eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling. Som den einaste utdanningsinstitusjonen i landet tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. I dette studiet legg vi vekt på å knyte saman teori og praksis og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studiet legg vidare vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige kapasitetsbyggande prosessar.
Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor. Formell kompetanse på masternivå gir høve til å søke doktorgradsprogram.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- Avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
- Kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar.
- Forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekaftig utvikling.
Studenten skal ha ferdigheiter
- Til å knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
- Til å drive forsking
- Til åskrive større og midre oppgåver
- Til å forstå og formidle forsking
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver, praktiske øvingar og seminar skal studentene oppnå kompetanse til:
- Å reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla.
- Å erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, Offentleg organisering og leiing (IPA303), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307), 15 stp og Masteroppgåve (IPA308), 30 stp eller Materoppgåve (IPA309), 45 stp, er obligatoriske. Dersom studenten vel å skrive masteroppgåve på 45 stp, blir den valfrie delen av studiet 30 stp. Ein kan velje dei valfrie emna frå ein meny av førehandsgodkjende emne, eller søke om å få godkjend andre emne. Høgskulen kan setje sperre mot einskilde emne med fagleg overlapping.Tilbodet av valfrie emne ved Høgskulen i Volda kan variere frå år til år. Høgskulen er ikkje bunden til å gi tilbod om alle valfrie emne kvart studieår.
Det er høve til å lage individuelle utdanningsplanar ved å få godskrive og fagleg godkjent tidlegare/anna utdanning på masternivå eller lang relevant praksis (sjå eige avsnitt). Ved oppstart lagar du ein utdanningsplan for studiet ditt ved høgskulen som syner kva for emne mastergraden skal innehalde (valfrie emne, godskriving av anna utdanning som erstatning for obligatoriske emne, praksis, utlandsstudium m.m.) og framdrifta av studiet (heiltid, deltid, rekkefølgje på emne m.m.).
Undervisninga er tilrettelagt både for deltids- og heiltidsstudium. Undervisninga på 15-studiepoengsemna er organisert med tre vekesamlingar fordelt på eitt semester. Undervisninga på 30/45-studiepoengsemna er normalt organisert med fem til seks vekesamlingar fordelt på to semester. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og heiltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid. Det er lagt stor vekt på å kombinere førelesingar med dialog, seminar, gruppearbeid m.m. Arbeidsoppgåver mellom samlingar inngår i evalueringa. Studentar kan i stor grad arbeide med eigne tema og arbeidsoppgåver. E-mail, web-program m.m. vert aktivt brukt for å følgje opp og rettleie studentar. Når det er samlingar i Volda, vil Studentsamskipnaden for Sunnmøre normalt kunne tilby studenthyblar.
Om godskriving og fagleg godkjenning (jf. UH-lova §3-5)
Tidlegare utdanningar - generelt: Relevante emne på mastergradsnivå frå høgskulen eller andre utdanningsinstitusjonar kan godskrivast som valfrie eller obligatoriske emne. Når det gjeld søknader om godskriving av utdanning frå andre høgskular og universitet, krev vi at studentane legg fram dokumentasjon frå den aktuelle institusjonen om det faglege innhaldet.
Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsintitusjonane i Molde, Volda og Ålesund. I studieåret 16/17 er tilbodet lagt til Høgskolen i Molde. Emnet er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden.
Tidlegare utdanning ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS) - før oppgradering til masternivå: Tidlegare studentar ved HVO som har fullført vidareutdanningar som 10-vekttalseiningar og som etter 2000 er oppgraderte til mastergradsnivå, kan få godskrive desse i mastergraden. Dette gjeld vidareutdanningane Regional planlegging og utvikling og Regioplan Nordvest som blir godskrive som valfritt emne med 30 stp i mastergraden. Dei studentane som får slik godskriving, kan grunna fagleg overlapping ikkje velje emnet Prosessleiing i samfunn og organisasjonar (IPA302), 15 stp.
Vidare gjeld dette vidareutdanningane Leiing for offentleg tilsetje (LOT) og Offentleg organisering og leiing, som også blir godskrive som valfritt emne på 30 stp. Tidlegare utdanning ved IPAS - etter oppgradering til masternivå: Studentar som har fullført masteremnet Regional planlegging og utvikling medan dette var på 30 stp, vil få fritak frå det obligatoriske emnet Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, og eitt valfritt 15 stp emne. Dei studentane som får slikt fritak, kan grunna fagleg overlapping ikkje velje emnet Prosessleiing i samfunn og organisasjonar (IPA302), 15 stp. Studentar som har fullført masteremnet Offentleg organisering og leiing medan dette var på 30 stp, vil få fritak for det obligatoriske emnet Offentleg organisering og leiing (IPA303), 15 stp, og og eitt valfritt 15 stp emne.
Utanlandsopphald
Studentar kan søkje om å få godskrive andre emne som dei ønskjer å ta ved høgskular og universitet i andre land. Slike emna må vere på mastergradsnivå. I samband med planlagt utlandsopphald innanfor mastergraden vil høgskulen hjelpe til med å organisere og førehandsgodkjenne utdanning og/eller praksis.
Lang og relevant praksis
Studentar med lang og spesielt relevant praksis innan leiing og/eller samfunnsplanlegging og samfunnsarbeid, kan søkje om å få denne godkjend som valfri del på 15 eller 30 stp. I slike tilfelle får studenten i oppgåve å lage ein eigen praksisrapport som vurderer eige arbeid i ein teoretisk og metodisk samanheng.
Course | 2017 Autumn | 2018 Spring | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|---|---|
1. STUDIEÅR | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Valemne, sterkt tilrådde | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
Andre valemne: | ||||
15 | 15 | |||
2. STUDIEÅR | ||||
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA308/IPA309. | 30 | 30 | ||
7.5 | 7.5 | |||
Vel anten IPA308 eller IPA309. Val av IPA308 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA309 krev 30 stp. valfrie emne. | 22.5 | 22.5 | ||
15 | 15 | |||
22.5 | 22.5 | |||
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna: | ||||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (120 total) | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem