Sjå liste over studieplanar som starter på:

Teater og drama (Vidareutdanning)

Program of study: 
Storytelling and theatre production
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
10
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Part-time
Admission and rating

Generell studekompetanse.

About

Vidareutdanning i teater og drama har ei solid praktisk-teoretisk tilnærming til faget, og utviklar deg anten som utøvar i interessante teaterproduksjonar eller som forteljar/formidlar.

I studiet kan de jobbe med m.a:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing
  • Teaterproduksjon
  • Dramaturgi
  • Regi 
  • Forteljing
  • Teaterkunnskap. 
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar.
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre.
  • kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Content structure

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar 
  • workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • regiarbeid
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar. 

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

b) Progresjon

Vidareutdanning inneheld 30 studiepoeng. Studiet kan takast anten som heiltidsutdanning i eit semester eller som deltidsutdanning over to semester. Dei moglege samansetningene av emner er:

a) Heiltid haust: 
TOD101 - Teatertroduksjon 1 + TOD102 - Teaterkunnskap
b) Deltid haust og vår: 
TOD101 - Teaterproduksjon 1 + TOD 103 - Teaterproduksjon 2 
Eller: TOD102 - Teaterkunnskap + TOD104 - Forteljing og formidling 
Eller: TOD101 - Teaterproduksjon 1 + TOD104 - Forteljing og formidling

Sjå detaljar i studiemodellen.

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80%. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Analysar
  • Føredrag/seminar/workshops

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Teater og drama (Vidareutdanning)
Internationalisation

Det er ikkje høve til utveksling i studiet.

Expenses
  • Det er lagt inn fleire obligatoriske teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad  i løpet av studiet. 
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 100,- per manus.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)