See list of study plans starting on:

Bachelor i medieproduksjon

Program of study: 
Bachelor in Medieproduction
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
25
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Ønskjer du et kreativt yrke? Ved bachelor i medieproduksjon jobber du med innhaldsproduksjon i ulike sjangrar, og lærer å skrive, produsere og distribuere historier med lyd og bilde. Du skal utvikle konsept til medieproduksjonar, og produsere innhald til ulike plattformer.

Studieinnhold


Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram. Du lærer om idé- og konseptutvikling, dramaturgi, visuell historieforteljing, medievitskap, og jobbar med profesjonelt kamera- og lydutstyr. Gjennom studiet utviklar du kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og evne til å bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner, og i studiet inngår internt og eksternt prosjektarbeid og produksjonspraksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein bachelor i medieproduksjon kvalifiserer du deg for mange ulike kreative yrke. Du kan jobbe med utvikling og produksjon av medieprodukt i ulike sjangrar, og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer. Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som for eksempel Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal

  • ha kunnskap om og kritisk forståing av etablerte prinsipp innan innhaldsproduksjon
  • ha kunnskap om og kritisk forståing av medieformer, sjangrar og teknologisk utvikling
  • ha kunnskap om og kritisk forståing av forteljarmodellar og teknikkar
  • ha kunnskap om og kritisk forståing av medie- og kommunikasjonsteori, rammeverk og modellar.
Learning outcome skills

Kandidaten skal

  • kunne beherske ulike verktøy i planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • kunne utvikle målgrupperetta konsept
  • kunne utvikle kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter, og kunne bruke dei på tvers av ulike roller og produksjonar
  • kunne formidle audiovisuelt innhald gjennom digitale plattformer
  • kunne analysere og kritisk evaluere medieinnhald og påverknad
  • kunne gjennomføre undersøkingar og kjeldearbeid for essays, rapportar og kreative prosjekt, med bruk av metodar som passar til formålet
  • kunne samarbeide med andre i tverrfaglege team
  • kunne reflektere over eiga personlege, faglege og akademiske utvikling
Learning outcome qualification

Kandidaten skal

  • kunne presentere og kommunisere sentrale idear og prinsipp for kreativt arbeid, skriftleg og munnleg
  • kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid
  • kunne levere medieprodukt i samsvar med ein brief
  • kunne demonstrere kunnskap om relevante faglege og etiske problemstillingar
  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer

 

Content structure

Undervisinga er organisert som ein kombinasjon av teori og praksis, med førelesingar, arbeidsverkstader og praktiske oppgåver, både individuelt og i grupper. Det kan bli undervist på engelsk i nokre emne. Som ein del av studiet inngår både praksisopphald, større prosjektarbeid og produksjonar for ulike eksterne oppdragsgivarar. 

Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisinga. Du kan lese meir om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som eksempel ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar.

 

Bachelor i medieproduksjon
Professional training

I studiet inngår intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis. Nærmare retningslinjer for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Internationalisation

Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre internasjonale samarbeidsinstitusjonar. Høgskulen i Volda tar også i mot både studentar og gjesteforelesarar frå utlandet. Det blir derfor undervist på engelsk i nokre emner og enkeltforelesingar.

Expenses

For auka kvalitet og kontinuitet krev vi at studentane har eigen bærbar PC som er kraftig nok til å køyre Adobe programvare (bildebehandling og redigeringsprogram), samt minnekort til bruk i kamera/lydutstyr.

I tillegg tilråder vi studentane å abonnere på Adobe Creative Suite, noko som med studentrabatt gir ein kostnad på 150-200,- per mnd.

Studenten må pårekne nokre kostnader til materiell, samt transport og overnatting i samband med frivillige ekskursjonar. Meir informasjon om dette blir gitt der dette er aktuelt i den enkelte emneplan.

Ansvarleg
Irene Hillestad