Lærarutdanninga

  • Dåvøy føreles om barnehagelova og revidert rammeplan

    Publisert

    I høve den nye barnehagelova som er komen og revidert rammeplan for barnehagen som kjem på høyring no i haust held Barne- og familieminister Laila Dåvøy ei opa førelesing måndag 5. september kl. 14.15-15.00 ved Høgskulen i Volda.

  • Weiterbildung på Høgskulen i Volda

    Publisert

    I går gjekk startskotet for vidareutdanning i Tysk i skulen. 34 lærarar frå heile fylket samlar seg no til fagleg påfyll ved Høgskulen i Volda. Studiet er ein del av Kunnskapsløftet, der ei av dei prioriterte satsingane er ei obligatorisk innføring i andre framandspråk for alle åttandeklassingar frå hausten 2006.

  • Liten, eg? Barnehagekonferansen 2005 i Molde

    Publisert

    Temaet for konferansen i år er likestilling og likeverd i barnehagen. Dette er eit sentralt satsingsområde innan barnehagesektoren både på nasjonalt- og fylkesnivå. - Eg har god tru på at temaet vil slå godt an i målgruppa for konferansen, seier medarrangør Britt Loven Ølnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

  • Høg gjennomsnittskarakter hjå lærarstudentane

    Publisert

    - Høgre krav til opptak på allmennlærar vil gje utdanninga meir prestige, sa rektor Gunnar Stave etter opningsseremonien i går. Opptakskrava gav eit mindre opptak i år, men det er ikkje berre negativt når dei studentane som no er komne er flinkare.

  • Fred over minnet til Margareth

    Publisert

    - Vi er svært rysta over ulukka og bortgangen til Margareth Nessa (23) frå Hjelmeland i Rogaland som omkom i eit fall ved Rotsethornet i helga, sa rektor Gunnar Stave under minnestunda i går. Fredag vert det gravferd i Årdal kyrkje og ei markering i Volda kyrkje.

  • - Ikkje dumme av dataspel

    Publisert

    - Folk som spelar dataspel, er ikkje dumme, heller det motsette, seier Torill Mortensen ved Høgskulen i Volda. Ho har forska på gleda ved dataspel sidan 1997.

  • Varme klangar og sterke kjensler i Kaarstad-huset

    Publisert

    Torsdag kveld vil det verte høve til å få høyre kammermusikk for song, bratsj og klavér i aulaen i Kaarstad-huset. Tre musikarar med tilknytning til musikkmiljøet ved Høgskulen vil formidle musikk av Jean Sibelius og av dei tyske romantikarane Robert Schumann og Johannes Brahms.

  • Avduking av Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya

    Publisert

    Sist veke markerte Avdeling for lærarutdanning Yksnøy-prosjektet og Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya ved Eika.<br>- Dette er ein stad der vi som studentar ved Høgskulen i Volda kan oppleve, studere og leve i naturen i kortare og lengre periodar – og det er herlig, kommenterte studentane ved Utefag.