Nyhende

  • Bach og Antibach i Volda kyrkje

    Publisert

    Studentar ved Intuitiv komposisjon og musikkfilosofi fekk framført eigne komposisjonar i Volda kyrkje sist laurdag. Symfoniorkesteret ved høgskulen framførte stykka og nokre komposisjonar av J. S. Bach under leiing av dirigentane Sander Elias Andersen og komponist og professor i musikk Magnar Åm.

  • Møte i Studentparlamentet

    Nytt studentparlament klart

    Publisert

    Valet til Studentparlamentet er over og studentane som skal sitte i Studentparlamentet studieåret 2020/21 er klare. Sjå kven dei er her.

  • Voldakortet

    Inviterer studentar til å melde flytting

    Publisert

    Volda Kommune har på ønskelista si at fleire studentar melder flytting til bygda. No inviterer dei heiltidsstudentar som endrer heimstadsadressa si til å søke om «Voldakortet» til ein verdi av 5000 kroner.

  • Forskar Eirik Søvik.

    Ny filmserie: Lær av forskarane våre

    Publisert

    Kvar månad framover vil vi presentere ein av våre flinke forskarar, som kanskje kan gjere deg litt klokare. I første film får du møte førsteamanuensis Eirik Søvik og vite meir om korleis hjernen til ei bie er og på kva måte biene er litt lik oss menneske.

  • FoU-prisvinner Inger Marie Okkenhaug og rektor Johann Roppen

    FoU-prisen 2020: Produktiv og internasjonalt retta prisvinnar

    Publisert

    Ho har vore innom ei rekke land i verda for å forske og forsøke å forstå meir av møtet mellom kulturar, religionar, kvinner og menn. Fredag var professor Inger Marie Okkenhaug på plass i Volda for å ta i mot FoU-prisen 2020 som ei stadfesting på det gode forskingsarbeidet ho har gjort.

  • Nærnettredaksjonen

    Tar korona på alvor i praksisen

    Publisert

    Journalistikkstudentane set smittervern i høgsete når dei lagar avis, tv og radio med saker frå Søre Sunnmøre. Det skal vere trygt for dei som let seg intervjue av studentane.

  • Velkomen til digital boklansering

    Publisert

    Den 18. september, under Forskingsdagene 2020, vert det digital lansering av boka "Brukermedvirkning i helsetjenesten – realitet eller retorikk?" Boka har kome til i eit samarbeid mellom fagfolk ved NTNU, Helse Nord-Trøndelag HF, Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda og Michael – Det norske medisinske Selskab.

  • FoU-prisutdeling 2019

    Strøymer FoU-pris-utdeling fredag

    Publisert

    På grunn av smitterverntiltak er det berre inviterte gjestar som får vere til stades under FoU-pris-utdelinga i biblioteket fredag 18. september. Men ikkje fortvil, du kan sjå utdelinga direkte her frå kl. 11.00.

  • Opning av Skaparhuset

    – Viktig å vere med der utvikling skjer

    Publisert

    Ved å vere ein del av det nye Skaparhuset i Ulsteinvik ønsker Høgskulen i Volda å kome enda tettare på næringslivet og skulesektoren. No får ein kickstarta det med ein nettverkskonferanse for lærarutdanning og skule 12.-15. oktober.