Om Høgskulen i Volda

  • Fleire jenter søkjer til Høgskulen i Volda

    Publisert

    Stadig fleire jenter søkjer utdanning ved høgskulane, fortel rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda. No er berre ein av tre studentar menn, kommenterer han til NRK. Særleg sosialfaga og lærarstudia har gode opptak – og fleirtalet av søkjarane er jenter.

  • Molde, Ålesund, Volda og Sogndal utviklar datasystem saman

    Publisert

    Dei tre høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane utviklar databasesystemet saman.
    - Trass i store overskrifter om vanskar med høgskulesamarbeid har høgskulane likevel praktisk samarbeid. Vi går no saman om å utvikle databasesystem for studieinformasjon, fortel prosjektmedarbeidar Jonny Roar Sundnes frå Høgskulen i Volda.

  • Nytt utgangspunkt for høgskulesamarbeidet

    Publisert

    - Molde sitt nei gir oss no eit nytt utgangspunkt, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Gunnar Stave. Vi satsar framleis på å vidareutvikle god kontakt og samarbeid mellom høgskulane med tanke på å fylle våre roller som samfunnsinstitusjonar, påpeikar rektor Stave

  • Diskusjonen om høgskulesamarbeid har starta

    Publisert

    - Ei samanslåing er avhengig av støtte frå fagleg tilsette, sa styremedlem Harald Kjølås då han innleidde Volda si diskusjonsrunde om høgskulesamarbeidet.

  • Høgskulesamarbeid Møre i utgreiingsfasen

    Publisert

    Høgskulesamsarbeid Møre har no gått inn i ein ny fase. Den interne handsaminga frå styringsgruppa og utgreiinga frå prosjektleiaren skal no handsamast ved dei tre høgskulane.

  • NETTOBUDSJETTERING

    Publisert

    Høgskulen i Volda, saman med 26 andre høgskular, er i gang med planlegging av overgang til ny ordning for rekneskapen. Omlegginga skal setjast i verk frå 1.1.2003. UFD kallar denne nye ordninga for nettobudsjettering.

  • University College blir godkjent betegnelse

    Publisert

    Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i Stortinget går inn for at høgskolene skal få kalle seg "University College" på engelsk. Navnet blir endelig vedtatt i Stortinget den 15. desember.

  • Siste nr. av IFA

    Publisert

    IFA er nyhende frå fellesadministrasjonen.