Sjå liste over studieplanar som starter på:

Grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg

Program of study: 
Teacher Qualification 5.-10. grade
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
240
Duration: 
8 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
40
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse og minst karakteren 4 i matematikk (224 timar) og norsk (393 timar, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) og minst 35 skulepoeng.

Kravet om karakteren 4 i matematikk gjeld ikkje for søkjarar med minst karakteren 2 i programfag i matematikk (S1, S2, R1 eller R2). 

About

Høgskulen i Volda skal utdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal legge til rette for gode læringsmiljø for elevar på 5.–10. årssteg. Utdanninga er ei 4-årig profesjonsutdanning og krev aktiv deltaking frå studentane.Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen.

Studiemodellen som er valt ved Høgskulen i Volda gir høve til breidde og fordjuping i fag. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar, og vi skal sikre at studenten har eit godt fundament for arbeidet som lærar i faga. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggande ferdigheiter, kreative uttrykksmåtar, digital kompetanse og den internasjonale dimensjonen.I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag og det vil vere eit nært samarbeid mellom faget pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksislærarane.

Det er praksis i alle dei fire åra, med oppstart allereie tidleg fyrste året. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar.Utdanninga skal setje læraryrket inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng og bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Slik tek vi hand om danningsaspektet ved utdanninga.I fjerde studieår vil eit internasjonalt semester (eit semester i utlandet) vere eit mogleg tilbod til studentane.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om eigenarten til skulen og lærarprofesjonen, historie, utvikling og plass i samfunnet og om skulens formål, verdigrunnlag, lovgrunnlag, gjeldande læreplanar og rettigheitene til ulike elevar
  • har kunnskap om læreplanarbeid og om skulen som organisasjon
  • har kunnskap om læringa til barn og unge, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar
  • har kunnskap om klasseleiing og klassemiljø, og om utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar
  • har kunnskap om et breitt repertoar av arbeidsmåtar og læringsressursar, og om samanhengen mellom innhald, arbeidsmåtar og føresetnadene til elevane
  • har kunnskap om oppvekstmiljøet til barn og unge, likestilling og identitetsarbeid
  • har kunnskap om barn i vanskelege situasjonar, og om rettane til barn og unge i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning sjølvstendig og i samarbeid med andre, i og på tvers av fag, med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan leggje til rette for og leie gode og skapande læringsmiljø
  • kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning
  • kan tilpasse opplæringa til behova til ulike elevar, motivere til lærelyst gjennom å tydeleggjere læringsmål og bruke varierte arbeidsmåtar for at elevane skal nå måla
  • kan vurdere og dokumentere læringa til elevane, og utvikling i forhold til opplæringa sitt mål, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan vurdere eiga læring
  • kan reflektere kritisk over eigen – og skulens – praksis i arbeid med vidareutvikling av lærarrolla og profesjonsetiske spørsmål
  • meistrar norsk munnleg, norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan vurdere og bruke relevante forskingsresultat, og sjølv gjennomføre systematisk utviklingsarbeid
  • kan, i samarbeid med føreresette og faglege instansar, identifisere spesielle behov hos elevane og setje i verk nødvendige tiltak
  • kan leggje til rette for utvikling av kompetanse i entreprenørskap, og for at lokalt arbeids- og samfunnsliv vert involvert i opplæringa
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bidra til eit profesjonelt lærarfelleskap med tanke på vidareutvikling av god praksis og yrkesetisk plattform
  • kan stimulere til demokratiforståing, demokratisk deltaking og evne til kritisk refleksjon tilpassa aktuelle klassesteg
  • kan bidra til å styrkje internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar ved arbeidet i skulen og bidra til forståing for samane si status som urfolk
  • kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov i tilknyting til læraryrket
  • kan leggje til rette for progresjon i dei grunnleggjande ferdigheitene i opplæringa tilpassa elevar på 5.-10. trinn
     
  • ​har en endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas skule
  • har solide faglege og fagdidaktiske kunnskapar i faga som inngår i utdanninga og kunnskap om faga som skulefag og som forskingsfag
  • har kunnskap om arbeid med vidareutvikling av elevene sine grunnleggjande ferdigheiter i å uttrykke seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg, rekne og bruke digitale verktøy i og på tvers av fag
  • har kunnskap om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgong frå barnesteg til ungdomssteg og ungdomssteg til vidaregåande opplæring.
Content structure

Faget pedagogikk og elevkunnskap er totalt på 60 studiepoeng, og går over dei tre fyrste åra, med 15 studiepoeng både første og andre året, og 30 studiepoeng tredje året. Tredje året er 15 av dei 30 studiepoenga knytt til bacheloroppgåva.

Utdanninga skal normalt omfatte tre undervisningsfag i skulen, kvart på 60 studiepoeng.

  • I dei tre fyrste åra kan studenten velje eitt av faga matematikk eller norsk, som kan kombinerast med eitt av faga engelsk eller samfunnsfag. Samfunnsfag/engelsk vert fullført med 60 studiepoeng etter dei to fyrste åra, norsk/matematikk vil gå over tre år.
  • Det fjerde året kan ein velje eitt skulefag på 60 stp eller to fag på 30 stp. Vel ein to fag på 30 stp, kan eitt av dei vere i eit skulerelevant fag. Ved overgang til masterutdanning etter tredje studieår vil det første året i masterutdanninga erstatte fag i det fjerde studieåret. I fjerde studieår kan studentane velje eit av faga kroppsøving, naturfag eller RLE om hausten. I vårsemesteret kan studenten velje spesialpedagogikk, internasjonalt semester eller fordjuping i faga frå haustsemesteret. Alternativt kan studenten velje overgang til to-årig masterprogram i Undervisning og læring med spesialisering i spesialpedagogikk*, norsk eller matematikk. Modellen verte justert/endra. * Dersom studenten vel spesialisering i spesialpedagogikk, må han/ho ta 30 stp skulefag i tillegg, for å få vitnemål for 4-årig grunnskulelærarutdannig.

Praksis inngår i alle studieår, sjå eige avsnitt.

Høgskulen i Volda samarbeider med dei andre høgskulane på Vestlandet (UH-nett Vest) slik at alle skulefag skal kunne takast på ein av institusjonane.

Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen
Undervisninga i studiet er obligatorisk.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. På emne som byggjer på kvarandre, må emnet under vere fullført, før studenten kan ta eksamen i emnet. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.

 

Grunnskulelærarutdanning 5.-10. årssteg, heiltid
Navn: 
Grunnskulelærarutdanning 5.-10. årssteg, heiltid
Course2016 A2017 S2017 A2018 S2018 A2019 S2019 A2020 S
1. STUDIEÅR
7.57.5
GL5-10PRA1 Tilrettelegging for læring i praksis
GL5-10PRO Professional Writing in Bokmål and Nynorsk
Valemne. Vi tilbyr eitt av faga matematikk eller norsk og eitt av faga engelsk eller samfunnsfag.
22.522.5
 
7.57.5
 
7.57.5
 
1515
 
15
 
15
2. STUDIEÅR
7.57.5
GL5-10PRA2 Eleven si læring og utvikling i praksis
Valemne: (framhald frå første studieår)
22.522.5
 
7.57.5
 
7.57.5
 
1515
 
15
 
15
3. STUDIEÅR
15
15
**
Valemne: (Framhald. Du må ha 60 stp i to fag etter tredje studieår.)
1515
 
15
 
15
 
1515
4. STUDIEÅR
*
Valemne:
3030
 
30
 
30
 
15
 
15
 
15
 
15
 
30
 
15
 
15
Alternativt kan det søkjast om opptak til master i undervisning og læring. Åttande og siste semester kan nyttast til internasjonal utveksling. Kontakt studieleiar for meir informasjon.
Praksis 1.-3. studieår er fordelt 15 dagar haust og 15 dagar vår. Praksis 4. studieår er 10 dagar vår. NB! Studentar som skal ha internasjonalt semester om våren må ha praksis om hausten.
Suitability

Skikkavurdering

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, føregår gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av UFD (Utdannings- og forskningsdepartementet) 07.10.2005.

Les om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her.

Professional training

Studenten må stå i praksis kvart studieår for å halde fram neste studieår.

I løpet av dei fire studieåra skal studenten ha gjennomført og fått godkjent 100 dagar rettleia og vurdert praksis. Praksis er fordelt slik:

- Første studieår: 30 dagar, normalt på mellomsteget

- Andre studieår: 30 dagar, normalt på ungdomssteget

- Tredje studieår: 30 dagar, på 5-10 klassesteg

- Fjerde studieår: 10 dagar, på 5-10 klassesteg

Praksis skal normalt gjennomførast på praksisskular som HVO har avtale med. Studenten må stå i praksis kvart år for å gå vidare. Sjå utfyllande informasjon i emneplan for praksis.

Evaluation

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Oddvar Aalde T: 70075353 E: oddvar.aalde@hivolda.no