PR, kommunikasjon og media
Studentar frå bachelorprogrammet i PR, kommunikasjon og media er etterspurde i arbeidslivet nasjonalt og internasjonalt. Alle organisasjonar kommuniserer med omverda, og behovet for truverdig kommunikasjon aukar. Bachelorprogrammet utdannar sjølvstendige, leiande, kreative og kritiske kommunikasjonsmedarbeidarar.
Studiet kvalifiserer for kommunikasjonsarbeid i alle sektorar i arbeidslivet. Du lærer å planlegge og gjennomføre strategiske kommunikasjonstiltak. PR- og kommunikasjonsutdanninga i Volda har opparbeidd eit svært tett samarbeid med arbeidslivet som studentane får nytte av i gjesteførelesingar frå sentrale kommunikasjonsfolk, gjennom praktisk prosjektarbeid og ekstern praksis. Studentane har praktiske oppgåver, prosjekt eller praksis kvart år. Studiet er godt tilrettelagt for minst eit semester i utlandet.
Avdeling for mediefag i Volda er det sentrale utdanningsmiljøet i Noreg innan media og kommunikasjon. Her har det vore tilbod om kommunikasjonsutdanning sidan 1971, i tett samspel med utdanningane i journalistikk, animasjon og medieproduksjon.
Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda og andre relevante mastergrader.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten skal
- ha brei kunnskap om grunnleggjande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan medie- og kommunikasjonsfaget
- vere oppdatert på sentrale forskingsspørsmål innan kommunikasjonsteori, journalistikk og medievitskap
- kunne oppdatere sin kunnskap om kommunikasjonsteori
- ha kunnskap om kommunikasjonsfaget sin eigenart og plass i samfunnet
Kandidaten skal
- kunne meistre verktøy for mediefaga, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer
- kunne samarbeide om kommunikasjonprosjekt
- kunne arbeide sjølvstendig og leie kommunikasjonsarbeid
- kunne bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
- kunne reflektere kritisk over eigen fagleg praksis og justere denne under rettleiing
Kandidaten skal
- ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kjenne til korleis innovasjonsprosessar fungerer
- kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking og presentere eit velformulert resonnement
Bachelorstudiet er oppbygd slik:
- PR- og kommunikasjonsemne: 80 studiepoeng
- Medievitskap: 40 studiepoeng
- Journalistikk og samfunnskunnskap: 30 studiepoeng
- Valfrie emne: 30 studiepoeng
Gjennom studiet er det lagt opp til tverrfagleg samarbeid med dei andre fagmiljøa ved Avdeling for mediefag og Høgskulen i Volda. Dette kan vere journalistikk, medieproduksjon og animasjon.
I den valfrie delen av studiet har studentane stor fridom til å fordjupe seg i eit sjølvvald fagområde. Her kan ein anten velje medierelaterte emne ved Avdeling for mediefag, t.d. foto eller design, eller ein kan velje fordjuping på andre fagområde, t.d. samfunnsfag, økonomi eller språk. Dei valfrie emna vert valde i samråd med studierettleiar eller faglærar i samband med oppsett av utdanningsplan.
Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Studentar med tidlegare fullførte studium i emne/fag frå andre høgskular/universitet i Noreg eller utlandet, kan søkje om å få desse godkjende og innpassa som valfri del av bachelorgraden. I studiet er det lagt opp til stor variasjon i undervisnings- og evalueringsformer. Undervisninga foregår både som forelesingar i store grupper, i mindre seminargrupper og som prosjektarbeid. Praktiske øvingar, både individuelt og i grupper, er også ein viktig del i mange av delemna. Evalueringsformene er varierte, og omfattar m.a. skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg høyring og større sjølvvalde oppgåver.
Course | 2022 Autumn | 2023 Spring | 2023 Autumn | 2024 Spring | 2024 Autumn | 2025 Spring |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
5 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
Nokre aktuelle, valfrie emne - totalt 30 stp. Med atterhald om moglege emnekombinasjonar | 30 | |||||
Internasjonalisering/utveksling | 30 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Kommunikasjonsutdanninga legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Heilt frå første semester gjennomfører studentane ulike praktiske øvingar og prosjekt. Det lagt opp til interne oppgåver tidleg i studieløpet. Vi arbeidar mellom anna tett med Kontor for samfunnskontakt med HVO, Samskipnaden og andre org. i regionen. Seinare er det aktuelt med større prosjekt i samarbeid med arbeidslivet, næringsklyngene, interessegrupper, organisasjonar, myndigheiter og næringsliv i regionen, nasjonalt og internasjonalt. Vi hentar oppdrag frå arbeidslivet til praksisoppgåver og studentaktivitetar som er med på å knyte verdifulle nettverk til arbeidslivet og potensielle arbeidsgjevarar.
Siste semester legg til rette for at studentar kan ha ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd. Dette kan vere i offentleg forvaltning, i ein organisasjon, i ei bedrift eller i eit PR-byrå. Gjennom ein slik praksis kan studentane få eit unikt innblikk i kommunikasjonsfunksjonen i ulike verksemder og høve til å knyte verdfulle kontaktar med tanke på vidare karriere.
Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet.