Forsking og utvikling

  • Ny bok om gammalengelsk

    Publisert

    Førsteamanuensis Agnieszka Pysz har no fått gitt ut doktoravhandlinga si som bok. Sidan i haust har ho vore tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, der ho underviser i engelsk språk.

  • Karen Brænne disputerer fredag 11. desember

    Publisert

    Karen Brænne, stipendiat ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, disputerer for PhD-graden ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) med avhandlinga "Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverksfaget".

  • Kvar var kvinnene? Voldaforskar i EU-finansiert litteraturhistorieprosjekt

    Publisert

    Var det verkeleg så få skrivande kvinner i eldre tider som det ein kan få inntrykk av i historiske oversikter? Dr. Marie Nedregotten Sørbø frå Høgskulen i Volda er saman med Dr. Anne Birgitte Rønning frå Universitetet i Oslo dei norske styremedlemane i det heilt nystarta paraplyprosjektet "Women Writers in History: Toward a New Understanding of European Literary Culture".

  • Oddmund Løkensgard Hoel disputerer 20. november ved NTNU

    Publisert

    Hoel har vore stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Avhandlinga hans," Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940", er ein del av forskingsprosjektet Det opne språket (2003-2007), der historia om den nynorske skriftkulturen har vore det overordna temaet.

  • Dobbeltblikk på Vesaas

    Publisert

    Dette er tittelen på ein ny antologi om Tarjei Vesaas' forfattarskap. Rakel Christina Granaas, litteraturdosent og dekan på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er redaktør for boka saman med førsteamanuensis Sarah J. Paulson frå NTNU.

  • Video frå utdelinga: Walton fekk Språkprisen 2009

    Publisert

    Professor Stephen Walton ved Høgskulen i Volda fekk Språkprisen 2009 for framifrå nynorsk i sakprosa. Prisen var delt ut under Språkdagane 2009, som Språkrådet heldt på Grand hotel i Oslo 11.nov. - Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa, skriv www.sprakrad.no.

  • Halse disputerte: Grundig og engasjerande om nynorsk kyrkjespråk

    Publisert

    — Då har Per Halse gjennomført ein særs vellukka disputas over avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908." Denne disputasen var ein fest, skriv teolog og forfattar Anders Aschim i sin BlixBlog. Tonen var velvillig, og doktoranden fekk mykje ros for grundig kjeldearbeid og engasjerande forteljing.

  • Redaktør for ny Noregshistorie

    Publisert

    Førsteamanuensis Hans Jacob Orning ved Historisk institutt i Volda skal vere redaktør og forfattar for den nye Noregshistoria. – Eittbindsverket på om lag 700 sider skal ut i slutten av 2010, så vi er allereie komen i gong med skriveprosessen, kommenterer historieforskaren, som har fått med seg kollegaene May-Brith Ohman Nielsen frå Universitet i Agder og Magne Njåstad frå NTNU som medforfattarar.

  • Terje Aarset gir ut Den nynorske songskatten

    Publisert

    Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, og kom denne veka ut med boka Den nynorske songskatten. Søndag 11. okt. kan du høyra Aarset i Songtime på NRK radio kl. 8.07. Boka tek føre seg historia om femten songar og har fått særs gode kritikkar.

  • Disputerer om nynorsk kyrkjespråk

    Publisert

    Førstelektor ved Høgskulen i Volda, cand. theol. Per Halse, har fått godkjent avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908" for prøving til doktorgraden ved Universitetet i Oslo. Dei offentlege prøvene finn stad ved Det teologiske fakultetet 20. og 21. oktober.